Lou Reed Live er eit konsertalbum av Lou Reed, gjeven ut i 1975. Det vart spelt inn på same konserten som Rock 'n' Roll Animal den 21. desember 1973,i Howard Stein's Academy of Music i New York. Det inneheld tre songar frå Transformer, ein song frå The Velvet Underground & Nico og to songar frå Berlin. Desse to albuma inneheld heile konserten, sjølv om rekkefølgja på songane er annleis.
I 2003 gav BMG Special Music Products ut dette albumet som ein del av «Extended Versions»-serien deira. Tittelen vart endra for å syne dette, men innhaldet var det same.
Denne konsertplata har ein annan stereomiks enn motparten og gitarist Dick Wagner er å høyre i den venstre kanalen, medan Steve Hunter er i den høgre. Dette er motsett på Rock 'n' Roll Animal.
Innhald
Medverkande Lou Reed — vokal Ray Colcord — tangentinstrument Pentti Glan — trommer, perkusjon Steve Hunter — gitar Prakash John — bass Dick Wagner — gitar Rob Hegel - korvokal på «Sad Song»
Teknisk Gus Mossler - lydteknikar Bruce Somerfeld, George Semkiw - produksjonsassistentar Oliviero Toscani - fotografi
Salslister Liste(1975)PlasseringAustralia (Kent Music Report)42Nederland14
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lou Reed Live» frå , den 5. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Lou Reed-album Kategori:Konsertalbum frå 1975 Kategori:Album produserte av Lou Reed Kategori:Album spelte inn i The Palladium i New York City