Lars Valerian Ahlfors () var ein finsk-amerikansk matematikar.
Han tok doktorgraden ved universitetet i Helsingfors i 1930. I åra 1938–1944 var han professor ved universitetet i Helsingfors, og i 1945 og 1946 i Zürich. Frå 1046 til 1977 var han professor ved Harvard University i USA. Ahlfors publiserte fleire gode arbeid om riemannske flater og analytiske funksjonar – på desse områda fortsette han med arbeida til læraren sin Rolf Nevanlinna. Ved den internasjonale matematikarkongress i Oslo i 1936 vart Ahlfors tildelt Fields-medaljen i gull.
Kjelder Lars Valerian Ahlfors i Store norske leksikon (2011-10-19).
Kategori:Finske matematikarar Kategori:USA-amerikanske matematikarar Kategori:Folk frå Helsingfors Kategori:Fieldsmedaljen Kategori:Wolfprisen i matematikk Kategori:Finsk-amerikanarar Kategori:Matematikarar på 1900-talet