Eda glasmuseum er eit museum i Eda i Värmland i Sverige. Det vart innvigd i 2000 av Gudrun Wahlqvist frå Statens kulturråd. Museet vart grunnlagd av Eda Glasbruksförening. Det held til i det som ei gong var Folkets Hus på Eda glasbruk. Bygget er teikna av Ludvig Matsson og stod ferdig i 1927.
Museet har ei permanent utstilling som syner glas produsert ved Eda glasbruk frå heile perioden det var drift ved bruket, 1835-1953, i lag med verktøy og fotografi frå verksemda. I tillegg har dei ymse spesialutstillingar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eda glasmuseum» frå , den 23. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Värmland Kategori:Museum i Sverige Kategori:Skipingar i 2000