Dee Murray () var ein engelsk bassist, mest kjend som medlem i det originale rockebandet til Elton John.

Før han byrja å spele med Elton John turnerte han i lag med trommeslagaren i Nigel Olsson, som òg spelte med John, i Spencer Davis Group i 1968-1970. Murray og Olsson byrja å spele med John i 1970 og spelte først på Tumbleweed Connection. Sjølv om dei turnerte fast med John, tillet plateselskapet hans berre å la dei spele på ein song per studioalbum. Etter Honky Château i 1972, klarte John derimot å overtyde plateselskapet om å la dei få bli fullverdige medlemmar av bandet til John. Murray og Olsson spelte med John fram til og med Captain Fantastic and the Brown Dirt Cowboy i 1975, då dei vart bytta ut fordi John ønskte ein ny stil.

Murray og Olsson spelte framleis i lag som studiomusikarar i Los Angeles og spelte mellom anna med Rick Springfield og Procol Harum. Mellom 1978 og 1979 arbeidde Murray med Alice Cooper.

Murray døydde av hjerneslag som følgje av langvarig hudkreft i 1992.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dee Murray» frå , den 26. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Fan-side

Kategori:Musikarar frå London Kategori:Engelske bassistar Kategori:Elton John Kategori:Procol Harum-medlemmar