Kirriemuir er ein by i regionen Angus i Skottland. Han har kring 6 000 innbyggjarar og er særleg kjent som eit sentrum for jakt og skytesport.

Blant kjende personar frå byen er J.M Barrie og Bon Scott frå AC/DC. Huset til Barrie er gjort om til museum. Det ligg òg eit flymuseum i byen, og dessutan eit camera obscura som vart donert av Barrie, der ein kan sjå over til Ben Lawers.

På 1500-talet vart det ført fleire hekseprosessar i byen. Dammen der fleire påståtte heksar vart drukna ligg enno i utkanten av byen, og er no kjent som Witch Pool («Heksedammen»).

Familieeigedommen til sir Hugh Munro, som laga lista over skotske fjell på over 3 000 fot (914 m) ligg rett ved byen. Desse fjella går no under samleomgrepet Munro til ære for han.

Byen er eit turistmål, med utsikt over Strathmoredalen, som er eit av dei beste områda for fruktdyrking i Skottland. Han ligg òg kort veg frå Angus glens, som er eit populært område for fotturistar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kirriemuir» frå , den 27. oktober 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i Angus