André Weil () var ein fransk matematikar.

Han var professor ved Institute for Advanced Study i Princeton i USA frå 1958 til 1976 og professor emeritus der frå 1976 til 1998. Weil var ein av dei viktigaste matematikarar på 1900-talet med grunnleggjande bidrag innan fleire område av matematikken, særskild i talteori, algebraisk geometri og analyse. Han var den leiande matematikar bak pseudonymet Bourbaki, som representerer ei gruppe franske matematikarar og som har skrive det største eksisterande samleverket over matematikken.

Kjelder André Weil. (2011-10-28) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/André_Weil

Kategori:Franske matematikarar Kategori:Franske jødar Kategori:Nicolas Bourbaki Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Wolfprisen i matematikk Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Folk frå Paris Kategori:Talteoretikarar Kategori:Matematikarar på 1900-talet