Augustus De Morgan () var ein britisk matematikar.

Han vart i 1828 den første professoren i matematikk ved Universitetet i London. Han skreiv fleire lærebøker i algebra, infinitesimalrekning og sannsynsrekning. Særleg viktig er arbeidet hans om reglane innan logikk, sjølv om dei til dels vart overskugga av dei seinare undersøkingane til George Boole. Det viktigaste bidraget hans er Formal Logic frå 1847.

Kjelder

Augustus De Morgan. (2011-10-30) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Augustus_De_Morgan

Kategori:Britiske logikarar Kategori:Britiske matematikarar Kategori:Britiske filosofar Kategori:Matematikarar på 1800-talet Kategori:Folk frå Britisk India