mini|Satellittbilde av Den engelske kanalen og Kanaløyane. Kanaløyane er ei øygruppe i Den engelske kanalen som ligg utanfor kysten av Normandie i Frankrike. Øyane er britisk kroneigedom, men er ikkje rekna som del av Storbritannia. Dei er heller ikkje medlemmer av EU. På øyane har ein tradisjonelt snakka normanniske språk, men desse byrja å vika for engelsk på 1800-talet.
Kanaløyane er ein gjenverande del av hertugdømet Normandie og er direkte underlagt den britiske monarken som hertug av Normandie. Dei er delt inn i to bailiwicks, eller futedøme. Innbyggjarane har britiske pass med tittelen «British Islands, Bailiwick of Jersey» eller «British Islands, Bailiwick of Guernsey», til forskjell frå dei andre britane, som har «United Kingdom» på passa sine.
Øyar Bailiwick of Guernsey: Guernsey Alderney Sark Herm Jethou Brecqhou Burhou Lihou andre mindre øyar og holmar
Bailiwick of Jersey: Jersey Minquiers Ecréhous
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kanaløyene» frå , den 30. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
Nettstaden til States of Alderney Nettstaden til States of Guernsey Nettstaden til States of Jersey Nettstaden til Seigneur of Sark Channel Islands ved Britlink
Kategori:Storbritannia Kategori:Øygrupper i Atlanterhavet