Grantown On Spey (skotsk-gælisk Baile Ùr nan Granndach) er ein by i regionen Highland i Skottland. Han har kring 2 500 innbyggjarar. Han ligg ved elva Spey ved nordenden av Cairngormfjella, om lag 30 kilometer søraust for Inverness.

Byen vart grunnlagd i 1765 som ein planlagd by. Han vart fyrst kalla Grantown etter landeigaren og utbyggaren sir James Grant. I 1898 vart «on Spey» lagt til namnet av bystyret.

Historie mini|venstre|Grantown Primary School. mini|venstre|Inverallan Parish Church frå 1886. mini|Krigsminnesmerke i Grantown-on-Spey reist i 1921. Grantown vart grunnlagd i 1765, i den tidlege delen av den industrielle revolusjonen, for å støtta handverk og sal av jordbruksprodukt og for å auka lokale landeigedomsverdiar og redusera arbeidsløyse og utvandring. Dette var del av ein vidare innsats for sosial og økonomisk betring sett i gang av progressive landeigarar i tiåra etter avsluttinga av jakobittopprøret i 1745.

Under leiing og finansiering frå landeigarane sir James Grant vart det vald ut ein stad for byen unna Castle Grant. Byen vart utforma med eit torg (The Square), med ei hovudgate, High Street, som gjekk sørvestover. Det vart måla opp store eigedommar som var lange og sat med rette vinklar til vegen. Old Grantown, ein eldre liten landsby nær slottet, vart riven, og bekken Kylintra Burn vart omdirigert for å verta ei lokal vasskjelde. Det vart sett inn reklame for den nye byen i aviser og andre stader som ein stad som låg nær gardar, skogar og gruver, og forretningsfolk vart innbodne til å søka om å leiga land.

Den offisielle opningsseremonien for den nye byen fann stad 12. juni 1766, med eit opptog og ein fest. I 1768 var byen rekna som etablert etter at dei fyrste bygningane var reiste. I 1787 hadde han over 300 innbyggjarar. For å støtta lokal produksjon bidrog Grant til å byggja fleire mindre verkstader, linproduksjonhus og ein bleikeplass. I denne period vart det også laga nye vegar, bruer, eit rådhus og eit fengsel. Den fyrste skulen i Grantown var planlagd frå 1765, på ein sentral eigedom på sørsida av The Square, men han vart ikkje bygd før i 1767 på grunn av det låge talet på ungar i skulealder i byrjinga.

I 1800 var byen stor nok til å trenga ei ny kyrkje, og i 1803 bygde ein Inverallan Church (opphavleg kalla Grantown Church). Denne kyrkja erstatta fleire tidlegare kyrkjer, medrekna ei som skal ha gått tilbake til mellomalderen. Kyrkja vart gjenbygd på 1880-talet. I 1841 hadde byen 1 000 innbyggjarar. På 1860-talet hadde linproduksjonen gått tilbake, og Grantown var hovudsakleg ein marknadsby for landbruksområdet rundt. Seint i viktoriatida byrja turismen å utvikla seg. Dronning Victoria og prins Albert var her ein dag og overnatta på Grant Arms den 4. september 1860. Dronninga skreiv om vitjinga i dagboka si, og eit utdrag er stilt ut i Grant Arms Hotel. I 1863 vart det rapportert at Grantown hadde 21 kjøpmenn, to bankar, tre vertshus (Grant Arms, Black Bull og New Inn) og fleire butikkar, i tillegg til den nyopna jernbanelinja Strathspey Railway. I 1898 vart byen gjeven status som burgh, og «on Spey» vart lagt til namnet av burgh-rådet.

Krigsminnesmerket etter fyrste verdskrigen vart reist ved The Square i 1921. Det er ei granittsøyle utforma av Alexander Marshall Mackenzie. Namn på falne frå andre verdskrigen vart lagt til i 1945.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Grantown-on-Spey» frå , den 2. november 2011.

Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 24. juli 2026.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i Highland Kategori:Busetnader grunnlagde i 1765