Kåre Olaf Berg () var ein skihoppar frå Gran. Han tevla for Ski- og fotballklubben Lyn i Oslo.
Berg tok sølvmedalje i NM på Gjøvik i 1959, bak den suverene vinnaren Anders Woldseth, men føre Arnfinn Bergmann. Året etter var Berg ein av dei fire norske hopparane som deltok i Vinter-OL 1960 i Squaw Valley, Torbjørn Yggeseth, Halvor Næs og Ole Tom Nord var dei andre. Berg vart nummer 13 i den olympiske hopptevlinga, etter eit bestehopp på 83 meter i første omgang.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1955: Nr 4 i Lahti 1960: Nr 13 i Vinter-OL 1960 i Squaw Valley 1961: Nr 11 i Svenska skidspelen i Falun
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1954: Nr 12 på Kongsvinger Ski-NM 1959: Sølvmedalje på Gjøvik Ski-NM 1960: Nr 4 i Nedre Eiker
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1960 Kategori:Folk frå Gran