Jonas Forsang Moksnes (), betre kjend som Apollo eller Bleikansiktet, er ein norsk rappar, musikar og journalist frå Bekkelaget i Oslo.
Musikk
Heilt ifrå byrjinga har Apollo rappa på morsmålet. Apollo gav i 2000 ut debut-EP-en Scenario,Scenario EP på Jester sin blogg. ei plate som berre vart trykt i 500 eksemplar. I 2002 gav han ut sitt fyrste album, ved namn Mine Damer og Herrer på Universal Records.Mine damer og herrer på discogs.com Dette vart nominert til både Spellemannprisen og Alarmprisen i kategorien "beste hip-hop-album". Songane Hvite netter og Sperra inne vart gjevne ut som singlar og blei hits i Noreg. I 2004 kom oppfylgjarplata Satan´s Sirkus (Universal Records).Satans sirkus på itunes.com Etter dette har det ikkje kome fleire soloalbum frå Apollo til no.
Rundt år 2006 blei Apollo med i rockebandet Yoga Fire, som består av han sjølv og dei tidlegare medlemmene i hip-hop-gruppa Klovner i kamp. I 2007 lagde Moksnes rulletekstlåta til den fjernsynsserien "Gutta Boys" saman med DJ Goldfinger frå Klovner i kamp. I fleire år er Moksnes blitt kåra til ein av landets mest sexy menn av motemagasinet Elle.http://www.vg.no/rampelys/artikkel.php?artid=10011408 I 2009 vann han MTV Europe Music Awards i kategorien "Beste Norske Artist" saman med Yoga Fire, og var nominert i kategorien "Best European Act".http://www.vg.no/musikk/artikkel.php?artid=573529 Yoga Fire vann også Spellemannprisen 2010 i kategorien «Årets musikkvideo».
Journalisme
Jonas Forsang Moksnes har skrive for ei rekkje norske magasin, m.a. Elle og MASSIV. Frå 2010 har han jobba i mannebladet ALFA. Portrettintervjuet hans med kokaindømte Stina Brendemo Hagen som vart fengsla i Bolivia, skapte store overskrifter og debatt i norsk media.http://e24.no/media/betalte-tur-for-bolivia-jordmor/3836090 Han vann «Årets feature 2010» under Nordiske Mediepriser for saka «Treholt for dummies», publisert i ALFA.http://www.bt.no/nyheter/lokalt/--Godt-aa-bli-sett-2498847.html?xtor=RSS-2
Diskografi
Scenario EP (Rar), 2000 Mine Damer og Herrer (Universal), 2001 Hvite netter (singel), 2001 Sperra inne (singel), 2002 Satan`s Sirkus (Universal), 2004 Fuck you eller penga tilbake med Yoga Fire (MTG Music), 2009
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettside Apollo på MySpace Yoga Fire si offisielle nettside
Kategori:Norske rapparar Kategori:Musikarar frå Oslo Kategori:Norske journalistar