Strathpeffer (skotsk-gælisk Srath Pheofhair ) er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 1 000 innbyggjarar.

Strathpeffer ligg i den austlege delen av Dei skotske høglanda, like innanfor kysten ved Cromarty Firth. Næraste byen er Dingwall om lag sju kilometer vest for landsbyen. Castle Leod ligg ved Strathpeffer.

I victoriatida var Strathpeffer ein populært spastad på grunn av dei svovelhaldige kjeldene.

Eit piktisk steinmonument av første klasse kjent som «ørnesteinen» (Clach an Tiompain) er å finne i Strathpeffer.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Strathpeffer» frå , den 3. november 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i Highland