Fjordabladet er ei avis som vert utgjeven i Eid i Nordfjord i Vestland fylke. Lokalavisa er partipolitisk uavhengig og rettar seg mot lesarar i midtre Nordfjord.

Fjordabladet er ikkje berre den eldste av dei åtte avisene i fylket, avisa er også den nest eldste i fylket si 133-årige pressesoge. Avisa på Eid blei skipa som Fjordenes Blad i august 1874. I 1911 blei Fjordenes Blad den første i fylket til å introdusera den tredje avisdagen. Ni år seinare tok avisa namnet Fjordabladet, samstundes lufta avisa ut riksmålet, heretter var det nynorsk som var avismålet. Det same skjedde i fleire av fylkets aviser på denne tida. Fjordabladet er klemt mellom to andre nordfjordaviser, Fjordenes Tidende i Måløy og Fjordingen i Stryn. Denne posisjonen har medført at avisa har hatt ei flat opplagsutvikling i åra etter krigen.

Opplagstal

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Eid kommune Kategori:Nordfjord Kategori:Aviser i Vestland Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Norske lokalaviser Kategori:Skipingar i 1874 Kategori:1874 i Noreg