1889 (romartal MDCCCLXXXIX) var eit normalår som byrja på ein tysdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen.
Hendingar mini|Eiffeltårnet under verdsutstillinga i 1889.
Utlandet 30. januar: Mayerlingdramat fann stad i Austerrike. 11. februar: Japan tok i bruk Meiji-grunnlova. 4. mars: Benjamin Harrison vart president i USA etter Grover Cleveland. 9. mars: den etiopiske keisaren Yohannes IV døydde, og Menelik II vart ny keisar. 31. mars: Eiffeltårnet blei innvigd som porten til Verdsutstillinga i Paris i høve hundreårsmarkeringa av den franske revolusjonen. 15. november: keisar Pedro II av Brasil vart avsett i eit militært statskupp og Marechal Deodoro da Fonseca erklærte landet ein republikk. Leiarane for det mislukka Zuluopprøret i 1888 vart sende i eksil til St. Helena. Charter Gas Engine Co. i USA bygde den fyrste traktoren i historia med intern forbrenningsmotor. Emile Berliner innførte ei grammofonplate med ein diameter på 12.7 mm. Emile Berliner stifta Deutsche Grammophon Gesellschaft.
Noreg 26. juni: Lov om folkeskolen innførte 7-årig skuleplikt og endra namnet på skulane frå allmugeskule til folkeskulen.
Fyrstikkarbeidarstreiken i Kristiania var den første store organiserte streiken i norsk arbeidarhistorie. Det norske Arbeidarpartiet fekk sosialistisk program.
Fødde mini|upright|Charlie Chaplin vart fødd 16. april 1889
3. februar: Risto Ryti, finsk president 16. april: Charlie Chaplin, britisk skodespelar 20. april: Adolf Hitler, austerriksk-tysk statsleiar 26. april: Ludwig Wittgenstein, tysk filosof 27. april: Arnulf Øverland, norsk forfattar 28. april: Sjur Bygd, norsk bonde og forfattar 29. april: Ragnvald Vaage, norsk bonde og forfattar 18. juni: Per Krohg, norsk målar 25. august: Aslaug Vaa, norsk forfattar 3. oktober: Carl von Ossietzky, tysk pasifist og fredsprisvinnar 14. november: Jawaharlal Nehru, indisk statsminister 17. november: Gustav Indrebø, norsk språkgranskar og målmann 20. november: Edwin Hubble, astronom frå USA
Døde mini|upright|Jefferson Davis døydde 6. desember. Fotografi av Mathew Brady
23. januar: Alexandre Cabanel, fransk målar 5. februar: Ole Jacob Broch, norsk matematikar og embetsmann 8. mars: John Ericsson, svensk-amerikansk oppfinnar og ingeniør 17. november: Ketil Motzfeldt, norsk embetsmann og politikar 22. oktober: Synnøve Riste, norsk målkvinne 22. november: Georg Harbitz, norsk prest og politikar 6. desember: Jefferson Davis, USA-amerikansk president
Kjelder