Ernst Eduard Kummer () var ein tysk matematikar.
Han tok doktorgraden i 1831 og vart professor i Breslau frå 1842 og i Berlin frå 1855. Kummer er særleg kjend for læra si om ideale tal, som dannar grunnlaget for den algebraiske talteorien. Det lukkast han å bevise Fermats sats for mange eksponentar, og for desse arbeida vart han tildelt den store prisen til Det franske vitskapsakademiet i 1857. Kummer interesserte seg òg for analyse i tillegg til bruksfysikk og geometri. Mellom anna er ei viktig fjerdegradsflate som han konstruerte, Kummer-flate, kalla opp etter han. Han skreiv mellom anna fleire fysiske arbeid om refraksjon og ballistikk.
Kjelder
Kategori:Tyske matematikarar Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Talteoretikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Matematikarar på 1800-talet