mini|Kraftstasjonen til Urke Kraftverk Urke kraftverk er eit vasskraftverk på Urke i Hjørundfjorden i Ørsta kommune i Møre og Romsdal.
Kraftverket ligg ved sjøen, og utnyttar eit fall på 353,5 meter frå Urkevassdraget. Midlare årsproduksjon er på 35 GWh. Kraftverket vart sett i drift i 2008, men offisielt opna 25. juni 2009Urke kraftverk hos Tussa.no, vitja 13. desember 2011. Eigar er Tussa Energi AS.
Kjelder Tussa NVE
Fotnotar
Kategori:Kraftverk i Ørsta Kategori:Tussa Kategori:Kraftverk skipa i 2008 Kategori:2008 i Noreg