Girard Desargues () var ein fransk matematikar, arkitekt og ingeniør.
Han var matematikar på same tid som Rene Descartes og var lærar for Pascal. Han var ein av dei første som handsama perspektivet matematisk. Ei kjend setning i projektiv geometri er Désargues-teoremet: Dersom to trekantar ligg slik i rommet at sambandslinja mellom to og to hjørne møter kvarandre i same punkt, vil skjeringspunkta mellom to og to tilsvarande sider ligge på ei rett linje; det omvendte gjelder òg. mini|venstre|upright|Pratique du trait a preuves (1643)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Franske arkitektar Kategori:Franske ingeniørar Kategori:Franske matematikarar Kategori:Geometerar Kategori:Folk frå Lyon Kategori:Matematikarar på 1600-talet