Jules Henri Poincaré () var ein av dei største matematikarane, fysikarane og vitskapsteoretikarane i Frankrike. Poincaré skildrast ofte som den siste universalisten (etter Gauss), i stand til å forstå og bidra på praktisk talt alle område av matematikken.
Som matematikar og fysikar gav han mange fundamentale bidrag til teoretisk matematikk og bruksmatematikk, matematisk fysikk og astronomi. Han formulerte Poincarés formodning, éit av dei mest kjende problema innanfor matematikken. Innanfor forskinga si på trelekamproblemet vart han den første som oppdaga eit kaotisk, deterministisk system, som seinare la grunnen for moderne kaosteori.
Poincaré introduserte prinsippet om den moderne relativiteten og var den første som presenterte Lorentztransformasjonen i den moderne symmetriske forma. Poincaré-gruppa fekk namnet sitt etter han. Poincaré oppdaga den relativistiske rørsletransformasjonen, og skreiv han ned i eit brev til Lorentz i 1905. Dermed fekk han perfekt invarians mellom Maxwell-likningane, det siste trinnet som ein trong for å kunne formulere den spesielle relativitetsteorien.
Han vart utnemnd til æresdoktor ved Det Kongelege Fredriks Universitet i samband med feiringa av 100-årsdagen for fødselsdagen til Niels Henrik Abel i 1902.
Prisar (utval) Årstal Pris1911 Bruce-medaljen1901 Sylvestermedaljen1900 Royal Astronomical Societys gullmedalje
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Henri Poincaré» frå , den 15. november 2011.
Kategori:Franske matematikarar Kategori:Franske fysikarar Kategori:Geometerar Kategori:Medlemmer av Det franske akademiet Kategori:Æresdoktorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Folk frå Nancy Kategori:Relativistar Kategori:Matematikarar på 1800-talet Kategori:Matematikarar på 1900-talet Kategori:Termodynamikarar