Aleksej Konstantinovitsj Tolstoj () var ein russisk forfattar. Han var fetter av Leo Tolstoj.
Tolstoj hadde utdanninga si frå Statsuniversitetet i Moskva i 1836, og arbeidde ved hoffet til tsaren det meste av livet sitt. Han var mellom anna seremonimeister og hoffjegermeister. Høgdepunktet i forfattarskapen hans er ein trilogi av historiske drama.
Han skreiv òg dikt påverka av tysk romantikk og omsette Goethe og Heine til russisk. Nokre av dei episke dikta hans om Johannes av Damaskus er publisert på norsk i antologien Østkirken, 2002.
Sjå òg Tatjana Tolstaja, barnebarn av Aleksej Tolstoj
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aleksej Tolstoj» frå , den 18. november 2011.
Kategori:Forfattarar frå 1800-talet Kategori:Russiske forfattarar Kategori:Folk frå St. Petersburg