Oranjestad er hovudstaden og den største byen på Aruba i Kongeriket Nederlanda. Byen ligg på den sørlege kysten nær den vestre enden av det autonome landet.

Historie Oranjestad vart bygd rundt Fort Zoutman kort tid etter at det stod klart i 1796. Opphavleg hadde byen igjen offisielt namn, men vart kjend som Paardenbaai. Byen har sidan den gong vore hovudstad på øya.

Byen er kalla opp etter den fyrste kongen, Vilhelm I av Oranien. Han var den fyrste arving til det nederlandske fyrstehuset Oranien-Nassau. Byen fekk namnet på 1820-talet då interessen i Aruba økte grunna oppdaginga av gullførekomstar.

Små delar av byen er danna frå ein rekkje menneskeskapte utvidingar av land ut i havet.

Transport 2,5 kilometer frå sentrum ligg Dronning Beatrix internasjonale lufthamn. Den største hamna på øya ligg i Oranjestad.

Utdanning I Oranjestad ligg Universiteit van Aruba, som tilbyr program i jus og økonomi, og den største vidaregåande skulen på øya, Colegio Arubano. Dei brukar det nederlandske skulesystemet.

Xavier University School of Medicine er ein USA-basert skule i Oranjestad der undervisninga føregår på engelsk.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Oranjestad, Aruba» frå , den 19. november 2011.

Kategori:Byar på Aruba Kategori:Hovudstader i Karibia Kategori:Busetnader grunnlagde i 1796