«Song for Guy» er eit nesten instrumentalt musikkstykke av Elton John. Det er den siste songen på albumet hans A Single Man frå 1978.

Elton John sa sjølv dette om singel i plateomslaget:

«...Eg skreiv denne songen ein sundag, og såg for meg meg sjølv flyte ut i rommet og sjå ned på min eigen kropp. Eg førestilte meg sjølv døy. Med desse tankane i meg skreiv eg denne songen om døden. Dagen etter fekk eg vite at Guy (Burchett), vår 17 år gamle bodbringar, hadde omkomme i ei motorsykkelulukke dagen før. Guy døydde den dagen eg skreiv denne songen.»

Songen er bygd opp av piano, ein trommemaskin og synthesizerar. Mot slutten av songen syng Elton John «Life, isn't everything» fleire gonger.

Singelen nådde fjerdeplassen i Storbritannia. Han vart ikkje gjeven ut i USA før mars 1979 og nådde då berre 110. plass.

Medverkande Elton John - piano, mellotron, polymoog, synthesizer, tekst Ray Cooper - windchime, shaker Clive Franks - bass

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Song for Guy» frå , den 23. november 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Elton John-songar Kategori:Songar med musikk av Elton John Kategori:Musikkvideoar regisserte av Bruce Gowers Kategori:Songar til minne om avdøde personar Kategori:Rockeinstrumentalar Kategori:Songar frå 1978 Kategori:The Rocket Record Company-singlar Kategori:MCA Records-singlar Kategori:Easy listening-songar