Aslaug Holm () er ein norsk dokumentarfilmskapar frå Smøla på Nordmøre.
Karriere
Aslaug Holm har vore tilknytt dokumentarfilmselskapet Fenris Film sidan oppstarten i 1992. Ektemannen hennar, Tore Buvarp, arbeider også med film, og dei to har samarbeidd med filmproduksjonar.
Aslaug Holm var fotograf og klippar på filmen Heftig og begeistret (2001), filmen om kormiljøet i Berlevåg i Finnmark. Ho er også kjend for dokumentaren Oljeberget, som skildrar Jens Stoltenberg og det norske samfunnet som verdas rikaste land. I 2008 produserte ho To brødre, ein dokumentarfilm om oppveksten til hennar eigne søner på sju og ti år.
Produksjonar i utval
1995: Bak din rygg (regi) 2001: Heftig og begeistret (klipp, regi og foto) 2005: Alt for Norge (regi) 2006: Oljeberget (regi) 2008: To brødre (regi)
Heider
2001: Filmforbundets Fagpris for arbeidet med Heftig og begeistret. 2006: Den internasjonale filmkritikarprisen - FIPRESCI for dokumentaren Oljeberget. 2007: Aslaug Holm vann Gullklapperen under utdelinga av Amandaprisen.
Kjelder
Fenris Film om Aslaug Holm Bokmålswikipedia om Aslaug Holm, henta inn 25. november 2011 Aslaug Holm på Imdb.com
Bakgrunnsstoff
Dagbladet, 02.01.06: Jens og jeg
kategori:Folk frå Smøla kategori:Norske filmregissørar kategori:Vinnarar av Amandaprisen Kategori:Norske filmfotografar