Anastasia Lapsui () er ein nenetsisk filmregissør busett i Finland.
Biografi
Anastasia Lapsui kjem frå Nida i Jamalo-Nenetsk i dagens Russland. Som nenetsar snakkar ho nenetsisk, eit finsk-ugrisk språk. Lapsui studerte ved universitetet i Sverdlovsk, og jobba deretter som journalist, i aviser og radio. I 1993 flytte ho til Finland, og har no base i Helsingfors.
Ho debuterte innan filmindustrien allereie i 1993. Særleg har ho vorte kjend i samarbeid med den finske filmregissøren Markku Lehmuskallio. Dei to har spesialisert seg innan filmar om urfolk, og har m.a. laga film om urfolk i Sibir, Grønland, og Nord-Canada, og om nenetsarar og samar. Cinematheque: A tribute to Anastasia Lapsui and Markku Lehmuskallio Dei starta å vinna merksemd med filmen Sju sångar frå tundraen (2000), og vann Amandaprisen for denne i klassen beste nordiske kinofilm same året. Filmen vann også den finske Jussi-statuetten i kategorien Beste film i 2001.Nativenetworks.si Om Lapsui ved nativenetworks.si.edu
Filmografi (utval) Anna (1997) Sju sångar frå tundraen (2000) Livets mødre (2002) A Bride of the Seventh Heaven (2003) Saamelainen (2006) Sukunsa viimeinen (2010)
Kjelder
Finsk Wikipedia om Anastasia Lapsui, henta inn 27. november 2011. Profil på Filmweb.no Profil på Imdb.com
Fotnotar
kategori:Finske regissørar Kategori:Nenetsarar