mini|Raud zucchetto (pileolus) boren av ein kardinal i den katolske kyrkja. Ein kalott (av fransk diminutiv av cale, ei sideform til écale ‘skolm, skal’) er ei tettsittande, rund hue utan brem som berre dekker issen. I Europa vart kalott nytta av både borgarar og embetsmenn på 1500- og 1600-talet. Som ein del av embetsdrakta vart kalotten òg boren av det katolske presteskapet. Fleire austerlandske folkeslag går med kalott, ofte i samband med turban.

Kalott er òg kjend frå enkelte norske folkedrakter.

Sjå òg chechia, nordafrikansk lue kipa, ein jødisk kalott kufi, vestafrikansk lue kofia, austafrikansk lue zucchetto, ein romersk-katolsk kalott.

Kjelder

Kategori:Hovudplagg