Weather Report var eit av dei mest kunstnarleg vektige og samtidig kommersielt suksessfulle jazz- og fusion-gruppene i 1970- og 1980-åra, og har fram til i dag påverka ei rekke musikarar innan svært ulike musikkretningar.

Bandhistorie Weather Report blei grunnlagt av tidlegare medlemmar av bandet til Miles Davis: allereie under opptaka til In a Silent Way (1969) snakka Joe Zawinul (keyboard) og Wayne Shorter (saksofonar) om å danne ei gruppe. Det var desse to som blei den stabile kjerna i Weather Report. Da bandet blei grunnlagt i desember 1970 var dessutan Miroslav Vitouš på bass med; han hadde medverka på Zawinul sitt soloalbum tidlegare same år.Jfr. Bakgrunnen til det første albumet Med på det første albumet til Weather Report var òg Alphonse Mouzon på slagverk og perkusjonistane Don Alias, Barbara Burton og Airto Moreira.

Vitouš slutta i 1973 og el-bassisten Alphonso Johnson kom til. I 1976 blei han erstatta av bassvirtuosen Jaco Pastorius som blei verande til 1982, og det er denne perioden som blir rekna som hovudfasen til bandet.I: Gunther Baumann: Zawinul. Ein Leben aus Jazz. Residenz Verlag, Salzburg 2002, s. 129 Weather Report feira sine største kommersielle suksessar fram mot 1985, til dømes Zawinul sin verdshit «Birdland». Etter Mouzon blei slagverkarane bytta ut nesten kvart år heilt til Peter Erskine i 1978 og seinare Omar Hakim skapte noko meir stabilitet. Perkusjonistane blei òg bytta ut nesten for kvar albuminnspeling, blant dei som deltok var Alex Acuña, Manolo Badrena og Dom Um Romão).

På dei første studio-opptaka var bandet svært eksperimentelt; eit førebilete var Attila Zoller sitt album The Horizon Beyond. I den musikken høyrde Zawinul eit sjølandskap, snøstormar og vårflaumar. «Bandet ditt kling som eit vêrvarsel» sa han til Zoller. Nokre månader seinare kalla Zawinul og Shorter det nye bandet for Weather Report.Géza Gábor Simon, Immens gut. Attila Zoller. Sein Leben und seine Kunst. Budapest 2003, s. 83 På albumet Sweetnighter blei bandet meir melodiøst og fekk sitt gjennombrot i massemarknaden. Dei mest kjende stykka frå bandet si mellomperiode er «Birdland» og «Black Market».

Ved å bruke både slagverkar og perkusjonist kunne dei spele meir dynamisk og med meir komplekse polyrytmer enn elles. Zawinul gjorde seg fri frå det gamle 32-takt-systemet, braut med tema-solo-tema-skjemaetZawinul kommenterte dette i kommentarane til det første albumet: «Vi spelar alltid solo, og vi spelar aldri solo» og innførte nye former. I Weather Report kan ein høyre ansatsar til det som i dag blir kalla world music, og andre vegen påverka bandet afrikansk musikk. Introen til sporet «Black Market» var i over 20 år kjenningsmelodien til Radio Dakar i Senegal.Intervju med Zawinul i 2003, «I hob' mein eigenen Rhythmus», Kölner Stadt-Anzeiger, 11. september 2007 Spesielt albumet Black Market blei godt motteke blant afrikanarar.«Das ist die Kunst», Weltwoche, 2006, nr. 12, Intervju, (PDF-fil, 2 s.)

Bandet blei oppløyst i 1985. I ein artikkel om Weather Report i jazztidsskriftet Down Beat januar 2001 skildra Josef Woodard dei som «det mest framifrå jazzbandet dei siste tretti åra.»

Diskografi 1971: Weather Report 1972: I Sing The Body Electric 1972: Live In Tokyo 1973: Sweetnighter 1974: Mysterious Traveller 1975: Tale Spinnin’ 1976: Black Market 1977: Heavy Weather 1978: Mr. Gone 1979: 8:30 1980: Night Passage 1982: Weather Report 1983: Procession 1984: Domino Theory 1985: Sportin’ Life 1986: This Is This 2002: Live and Unreleased 2006: Forecast: Tomorrow 2011: Live in Offenbach 1978

Kjelder Denne artikkelen er ei omsetting av «Weather Report» frå , den 7. desember 2011.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Kommentert diskografi med bibliografi Turnéoversikt Portrett av gruppa på Musicianguide.com

Kategori:Jazzfusion-band Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Musikkgrupper skipa i 1970 Kategori:Musikkgrupper oppløyste i 1985 Kategori:USA-amerikanske jazzgrupper