Live in Australia with the Melbourne Symphony Orchestra er eit konsertalbum av Elton John og Melbourne Symphony Orchestra spelt inn i Sydney Entertainment Centre den 14. desember 1986. Konserten var den siste av ei rekkje konsertar gjennomført dei siste to månadane av 1986. Konsertane bestod av to sett: det første med Elton og det 14 mann store bandet hans, inkludert korvokalistar og ei blåserekkje, samt det prangande scenekostymet hans med Mohawk- og Tina Turner-parykkar og underleg augesminke. Det andre var med John, bandet hans og det 88 mann store Melbourne Symphony Orchestra. Dette var det siste albumet til Elton med det opphavlege vokaleregisteret hans, før han måtte ha ein halsoperasjon i januar 1987.

James Newton-Howard, som på denne tida var ein lovande filmkomponist i Hollywood, var dirigent for orkesteret. Han skreiv òg ut arrangementet for orkesteret.

Konserten vart òg gjeven ut som heimevideo på både laserdisc og VHS.

Innhald

Medverkande

Elton John: Piano, vokal Davey Johnstone: Gitarar David Paton: Bassgitar Charlie Morgel: Trommer Fred Mandel: Klaverinstrument, synthesizerar Ray Cooper: Perkusjon Jody Linscott: Perkusjon Alan Carvell: Korvokal Gordon Neville: Korvokal Shirley Lewis: Korvokal James Newton-Howard: Orkesterarrangement, dirigent

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Live in Australia with the Melbourne Symphony Orchestra» frå , den 8. desember 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Elton John-album Kategori:Album produserte av Gus Dudgeon Kategori:Doble konsertalbum Kategori:Konsertalbum frå 1987 Kategori:The Rocket Record Company-album