Arne Kjell Larsen () er ein norsk tidlegare kombinertløpar frå Asker. Verdsmeister i øvinga i 1962. Han var medlem i Heggedal Idrettslag.
Karriere Larsen deltok under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley, men tok ingen medaljar her. Under Ski-VM 1962 i Zakopane i Polen vart han verdsmeister i kombinert. Same året vann han i kombinert i Svenska skidspelen og dessutan vart han noregsmeister både i kombinert og i skihopp. Den litt uvanlege skihoppstilen til Larsen var med armane strekte framover i svevet, lik dei tyske Helmut Recknagel og Max Bolkart.
Arne Larsen er den einaste kombinertløparen som har vorte noregsmeister i spesialhopp.
Arne Kjell Larsen tok del i Vinter-OL 1964 i Innsbruck, men tok ingen medaljar heim frå dette OL-et heller. Men same året vann han i kombinert i Lahtispelen. Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1965, og har i tillegg to kongepokalar.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1959: Nr 8 i kombinert på Gjøvik Ski-NM 1960: Sølvmedalje i kombinert i Nedre Eiker og nr 5 i hopp Ski-NM 1961: Sølvmedalje i kombinert og nr 4 i hopp Ski-NM 1962: Gullmedalje i kombinert og i skihopp i Skien Ski-NM 1963: Sølvmedalje i kombinert i Rælingen Ski-NM 1964: Bronsemedalje i kombinert på Voss Ski-NM 1965: Gullmedalje i kombinert Ski-NM 1966: Nr 6 i kombinert Ski-NM 1967: Nr 5 i kombinert
På sida av skikarrieren var Larsen bakar og dreiv Heggedal Bakeri.
Kjelder Bokmålswikipedia om Arne Larsen, henta inn 9. desember 2011. , skrive av Rolf Bryhn, henta inn 9. desember 2011.
Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Norske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i kombinert Kategori:Noregsmeistrar i kombinert Kategori:Noregsmeistrar i skihopping Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1964 Kategori:Folk frå Asker