Thomas Gray () var ein engelsk diktar og professor i historie ved Universitetet i Cambridge. Han blir rekna som ein representant for førromantikken, og var ein viktig inspirasjon for seinare romantiske diktarar i England.

Frå 1739 til 1741 reiste han gjennom Frankrike og Italia saman med Horace Walpole. Opplevingane frå denne reisa skildrar Gray i Letters, journal of a tour in Italy. Seinare slo han seg ned i Cambridge, der han livnærte seg som rettslærd. I 1768 blei han utnemnd til professor i nyare historie. Same året blei dikta hans utgjeve samla for fyrste gong, og blei så populære at dei blei trykt i fleire opplag. Særleg kjend er diktet «Elegi skriven på ein landsens kyrkjegard», som kom på prent i eit litterært tidsskrift i London i 1751. Gray hadde byrja på diktet alt i 1742. Diktet nådde snøgt ut til breie lag av folket, og er mellom dei mest lesne i den engelsktalande verda.

Med sine musikalske og elegiske odar og poetiske vektlegging av kjensler og folkeleg daglegliv signaliserte Gray overgangen til romantikken i engelsk litteratur, og påverka sentrale forfattarar som til dømes William Wordsworth.

Kjelder «Etterord» av Johannes Gjerdåker i Mjølk av Paradis. Engelsk og skotsk lyrikk frå Thomas Gray til John Clare. Det Norske Samlaget, Oslo 2000. 27px Denne artikkelen inneheld utdrag frå Nordisk familjebok, eit svensk leksikon gjeve ut mellom 1904 og 1926 som i dag er offentleg eigedom.

Fotnotar

Kategori:Engelske diktarar Kategori:Britiske historikarar