The Captain & the Kid er det 29. studioalbumet av den britiske musikaren Elton John, som kom ut i 2006. Det er det andre sjølvbiografiske albumet med tekstforfattar Bernie Taupin og fortsette der Captain Fantastic and the Brown Dirt Cowboy frå 1975 tok slutt. The Captain & the Kid omhandla hendingar i liva deira sidan dei starta å arbeide saman 30 år tidlegare.
Interscope Records annonserte at dei ikkje kom til å gje ut fysiske singlar frå albumet, sidan det vart lagt vekt på å presentere albumet som ein heilskap. «The Bridge» vart likevel vald ut for radio. Dette er det første albumet av Elton John og Bernie Taupin med Taupin på omslaget i lag med John. Det er det siste studioalbumet til John med Guy Babylon på klaverinstrument. Han døydde få år etterpå.
The Captain & the Kid nådde 6. plass i Storbritannia og 18. plass i USA.
Innhald
Medverkande Elton John – vokal, piano Davey Johnstone – gitarar, banjo, mandolin, munnspel, korvokal Nigel Olsson – trommer, korvokal Guy Babylon – arrangement og klaverinstrument Bob Birch – bass, korvokal John Mahon – perkusjon, korvokal Arthur – «woof-bells»
Salslister
Vekeslister Liste (2006)PlasseringDen australske Topp 50-lista37Den austerrikske albumlista Topp 4037Den belgiske albumlista (Vallonia)99Den danske albumlista Topp 4026Den franske albumlista56Den tyske albumlista25Den japanske albumlista171Den nederlandske albumlista43Den norske VG-lista Topp 4010Den spanske albumlista Topp 10052Den svenske albumlista27Den sveitsiske albumlista10UK Albums Chart6US Billboard 20018US Digital Albums18US Rock Albums7US Tastemaker Albums14
Salstrofé
Salstal LandSelskapSalUSANielsen Soundscan/Billboard151 000+
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Captain & the Kid» frå , den 11. desember 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Elton John-album Kategori:Musikkalbum frå 2006 Kategori:Konseptalbum Kategori:Album produserte av Elton John Kategori:Oppfølgjaralbum Kategori:Mercury Records-album Kategori:Interscope Geffen A&M Records-album Kategori:Interscope Records-album