The Animals on Tour var det andre studioalbumet til det britiske rockebandet The Animals som dei gav ut i USA. Det vart gjeve ut på MGM Records i februar 1965. Albumet inneheldt dei to tidlegare singlane «I'm Crying» og «Boom Boom». Åtte av songane på albumet kom kort tid etter ut på den britiske utgåva av albumet Animal Tracks, så på mange måtar er dette berre den amerikanske utgåva av dette albumet (eller motsett). Den amerikanske utgåva av Animal Tracks hadde eit ganske anna innhald enn den britiske utgåva.
Albumet kom ut i både mono og stereo format. Songane i stereo er alle rekanaliserte, som vil sei at dei originale songane vart miksa i mono og så miksa på ny i stereo. Rekanalisering vart ofte gjort på amerikanske utgjevingar av britiske artistar.
Albumet nådde 99. plassen på Billboard 200.
Innhald
Medverkande Eric Burdon – vokal Alan Price – klaverinstrument Hilton Valentine – gitar Chas Chandler – bass John Steel – trommer
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Animals on Tour» frå , den 16. desember 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1965 Kategori:The Animals-album Kategori:MGM Records-album Kategori:Album produserte av Mickie Most