mini|Fransk julekrybbe med okse og esel. mini|Bysantinsk utskjering i elfenbein frå 500-talet. Nedst ser ein oksen og eselet som tilber barnet i krybba. «Entre le bœuf et l'âne gris» (Mellom oksen og det grå eselet) er ein fransk julesong frå tidleg på 1500-talet. Han høyrer dermed til blant dei eldste julesongane me kjenner som framleis blir sungne. Songen er forma som ei voggevise for Jesusbarnet, som ligg i stallen «mellom oksen og det grå eselet». Vidare fortel han om korleis barnet søv mellom roser og liljer, i armane til jomfru Maria, medan «tusen englar» flyg rundtom.

Symbolikk Oksen og eselet har vore vanlege å plassera i framstillingar av juleevangeliet. Det apokryfe evangeliet etter Pseudo-Matteus fortel at dei to dyra tilbad Jesusbarnet i stallen, og knyter det til Jesaja 1:3: «Ein okse kjenner eigaren sin, eit esel krubba til herren sin.»Bibelen 2011 Seinare soger fortel også at dei varma han med pusten sin. Oksen og eselet er blitt framstilde i kristne romerske utskjeringar. Dei har òg ein lang tradisjon i julekrybber, mellom anna brukte Frans av Assisi to levande dyr i si julekrybbe.

Roser og liljer er blomar særskild knytte til jomfru Maria i kristen symbolikk. Rosa kan også stå for paradiset medan lilja òg er knytt til Josef.

Omsetjingar Songen er omsett til svensk som «Fridfullt i drömmar» og til finsk som «Heinillä härkien kaukalon». Det finst fleire engelske omsetjingar, som «Shelter where ox and ass are one», «Twixt gentle ox and ass so gray» og «Here betwixt ass and oxen mild».

Tekst Teksten er henta frå La grande bible frå 1854. I dag er det gjerne berre dei tre første versa som blir sungne.

Entre le bœuf et l'âne gris Dort, dort, dort le petit fils, Mille anges divins, mille séraphins Volent à l'entour de ce grand Dieu d'amour.Mellom oksen og det grå eselet sov, sov, vesle son. Tusen av guds englar, tusen serafar flyg rundt denne store kjærleiksgudenEntre les roses et les lys, Dort, dort, dort le petit fils, Mille anges divins, mille séraphins Volent à l'entour de ce grand Dieu d'amour.Mellom rosene og liljene, osb.Entre les deux bras de Marie, Dort, dort, dort le petit fils, Mille anges divins, mille séraphins Volent à l'entour de ce grand Dieu d'amour.I armane til Maria, osb.En ce beau jour solennel Dort, dort, dort l'Emmanuel Mille anges divins, mille séraphins Volent à l'entour de ce grand Dieu d'amour.På denne vakre, høgtidssame dagen sov, sov, sov Emmanuel, osb.Entre les larrons sur la Croix Dort, dort, dort le Roi des Rois Mille juifs mutins, cruels assassins, Crachent à l'entour de ce grand Dieu d'amourMellom tjuvane på krossen sov, sov, sov, konge av kongar tusen opprørske jødar, vonde drapsmenn, spyttar rundt denne store kjærleiksguden

Bakgrunnsstoff Firstemmig framføring av songen på Youtube Noter og lydfil ved free-scores.com Fransk og engelsk tekst til songen ved mamalisa.com

Kjelder

«Les fantômes de la Bible - L’âne et le boeuf dans la crèche» i Port Saint Nicolas . «Dieu et les animaux» i Évangile & liberté Rev. Theodore A. Koehler, S.M., «The Christian Symbolism of the Rose» , Marian Library, University of Dayton, Ohio «Mary's Flowers» ved udayton.edu «Is the St. Joseph Lily named after the husband of Mary or Joseph of Arimathea?» ved udayton.edu «The History of Nativity Sets» ved holylandtreasuresonline.com La grande bible, Nouveau recueil de noëls vieux et nouveaux pour la présente année (1854)

Kategori:Franske julesongar Kategori:Julesongar