Johan Harstad () er ein norsk forfattar. Harstad voks opp i Stavanger. Han bur i Oslo.
Johan Harstad debuterte i 2001 med kortprosasamlinga Herfra blir du bare eldre, og gav året etter ut med novellesamlinga Ambulanse. Første romanen hans, Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?, kom ut i 2005 og blei omsett til ei rekkje språk.Gyldendal.no , vitja 5. mai 2009, oppgjev utgjevingar i Sverige, Danmark, Finland, Nederland, USA, Australia, Tyskland, Færøyene, Italia, Russland og Frankrike.
Harstad har også hatt tekstar på trykk i Gyldendal sin debutantantologi Postboks 6860. Han har òg skrive fleire teaterstykke, mellom anna monodramaet «Grader av hvitt» (bestillingsverk frå musikar Nils Henrik Asheim og Stavanger symfoniorkester) som hadde premiere januar 2007 og einakteren «Washingtin» (bestillingsverk for Trøndelag Teater) som hadde urpremiere i februar 2007.
Når Harstad ikkje skriv, arbeider han mellom anna med prosjektet/kollektivet LACKTR, som produserer grafisk formgjeving, lyd, film, foto, t-skjorter og tekst som ikkje vert utgjeve via Gyldendal Norsk forlag. LACKTR stod mellom anna bak cd-utgjevinga Bring out your life vests» i 2005, som fylgde med dei 1000 første eksemplara av romanen Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?. I tillegg kan nemnast PradaDADA, eit tekst/lydprosjekt drive av Harstad, John Erik Riley, Bjørn Erik Haugen og Lasse Marhaug. Dei hadde den første konserten sin under kammermusikkfestivalen i Trondheim 2005.
Verkliste Herfra blir du bare eldre – prosa – 2001 Ambulanse – novellesamling – 2002 Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? – roman – 2005 Hässelby – roman – 2007 Darlah – roman – 2008 Bsider – prosa og skodespel – 2008 Osv. – skodespel – 2010
Skodespel Grader av hvitt – 2007 Washingtin – 2007 Krasnoyarsk – 2008 Brødmannens memoarer del 1: Akapulco – 2007 Brødmannens memoarer del 2: Ellis Iland – 2009 Osv. – 2010 Motorpsycho: Blizzard – 2012
Prisar og utmerkingar Beste bok 2002, Natt&Dag Trondheim Årets litteraturtalent, Dagbladet, 2002 Årets Stavangerkunstner 2003 Bjørnsonstipendet 2003, for Ambulanse Delvinner da Ingar Sletten Kolloen mottok Den norske leserprisen for 2004 Vinner av Ungdommens kritikerpris 2007 Brageprisen 2008, for Darlah Ibsenprisen 2014 for Osv. Sultprisen 2017 Vinnar av Aschehougprisen for 2019
Fotnotar
Bakgrunnsstoff dagbladet.no - artikkel i Dagbladet Magasinet om Ambulanse, med bilete. st.fylkesbibl.no - artikkel om Harstad sine favorittbøker, med liten profil Utgjevingar av Johan HArstad i BIBSYS Ask
Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske novelleforfattarar Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Forfattarar frå Rogaland Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 2001 Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av Aschehougprisen Kategori:Vinnarar av Bjørnsonstipendet Kategori:Vinnarar av Ibsenprisen