The Moody Blues er eit engelsk rockeband. Dei var av dei første som blanda rock med klassisk musikk, mest kjend på albumet deira Days of Future Passed frå 1967.
The Moody Blues har seld i overkant av 70 millionar album verda over og fått minst 14 platina- og gullplater. Dei er framleis aktive per 2011 med eit medlem frå det originale bandet frå 1964 og to til frå besetninga etter 1967.
Starten Tidlege år, Decca Records 1964-1967 The Moody Blues vart starta 4. mai 1964, i Erdington i Birmingham i England. Ray Thomas, John Lodge og Michael Pinder hadde vore medlemmar av El Riot & the Rebels. Dei vart oppløyste då Lodge, den yngste medlemmen, starta på technical college og Michael Pinder gjekk inn i militæret. Michael Pinder slo seg så saman att med Thomas og danna Krew Cats. Paret tok inn gitarist/vokalist Denny Laine, bandmanager og sidan trommeslagar Graeme Edge, og bassist Clint Warwick. Desse fem spelte som the Moody Blues for første gong i Birmingham i 1964. Namnet utvikla seg fordi dei håpte på å verte sponsa av M&B Brewery, men dette skjedde ikkje. Bandet kalla seg derfor i starten både The M B's og The M B Five, som òg var ein liten referanse til Duke Ellington-songen «Mood Indigo».Gary James' interview with Mike Pinder of The Moody Blues; Classicbands.com
Kort tid etter fekk bandet kontrakt med eit London-basert management-selskap, 'Ridgepride', danna av tidlegare Decca-speidar Alex Murray (Alex Wharton), som hjelpte dei å få ein platekontrakt med Decca Records våren 1964. I starten vart dei signert til eit management-selskap som så leigde ut innspelingane deira til Decca. Dei gav ut ein singel, «Steal Your Heart Away», dette året, som ikkje gjekk inn på listene. The Moody Blues spelte på den britiske kult-serien «Ready Steady Go!» og song den livlege B-sida «Lose Your Money (But Don't Lose your Mind)». Men det var den andre singelen deira «Go Now» (som kom ut seinare på året), som verkeleg sette karrieren deira i gang. Dei vart marknadsført på fjernsyn med ein av dei første musikkvideoane i pophistoria laga for dette føremålet, produsert og regissert av Alex Wharton. Singelen vart ein hit i Storbritannia (der han er den einaste førsteplassen deira) og i USA, der han nådde 10. plass. Bandet fekk problemet med managementet sitt etter hitten og dei signerte så for Decca Records i Storbritannia (London Records i USA). Dei gav ut ein EP med fire spor kalla The Moody Blues, med begge sidene av dei to første Decca-singlane deira og eit omslag med fargebilete, tidleg i 1965.
Debutalbumet deira The Magnificent Moodies, produsert av Denny Cordell i ein sterk Merseybeat/R&B-stil, vart gjeven ut på Decca i mono i 1965. Det inneheld hitsingelen i lag med ei side av klassiske R&B-songar. Den andre sida inneheldt fire songar skrivne av Laine/Pinder. «Bye Bye Bird» (Decca AT 15048) vart teken som singel frå albumet i desember 1965 og han nådde tredjeplass i Frankrike.
Alex Wharton forlét management-selskapet og gruppa gav ut fleire singlar som selde heller dårleg. Dei fekk ein mindre hit i Storbritannia med ein cover av «I Don't Want To Go On Without You» (33. plass) i februar 1965, medan Pinder-Laine-songen «From The Bottom of My Heart (I Love You)» (22. plass) produsert av Denny Cordell (med ein korvokalstil som peikte fram mot den meir kjende vokalstilen på «Nights in White Satin») vart gjeven ut som ein britisk singel i mai 1965. Andre britiske singlar var «Everyday» (44. plass) i oktober 1965, ein annan song av Pinder-Laine, og den seinare «This is My House (But Nobody Calls)» (Decca F 12498,1966) og «Boulevard de la Madeleine», som kom ut seint i 1966.
I juni 1966 forlét Warwick gruppa. Han vart ein kort periode erstatta av Rod Clark (fødd Rodney Clark, 23. november 1942), men i oktober forlét han gruppa, som tok ein månad pause. Denny Laine gav seg seint i 1966, og ein siste singel med den første besetninga, «Life's Not Life», var gjeven ut i januar 1967 (Decca F 12543) med «He Can Win» som B-side.
Hayward og Lodge kjem inn i bandet Gruppa oppstod på ny i november 1966 med dei nye medlemmane John Lodge, bassisten deira frå El Riot, og Justin Hayward, tidlegare frå The Wilde Three. Hayward vart anbefalt til Pinder av Eric Burdon frå The Animals, noko som vart støtta av den britiske songaren Marty Wilde, leiaren i The Wilde Three. Pinder ringde Hayward etter å ha lese søknaden hans, og vart imponert då Hayward spelte han singelen «London Is Behind Me» under bilturen deira for å møte dei andre medlemmane i Esher.
Etter dårlege økonomiske tilhøve og ein konfrontasjon med eit medlem av publikum, forstod bandet raskt at stilen deira med amerikanske bluescoverversjonar ikkje fungerte for dei, og dei avgjorde å berre spele sine eigne songar. Bandet vart introduserte for Decca-produsent Tony Clarke, som produserte ei innspeling der Justin Hayward sin «Fly Me High» og Mike Pinder sin «Really Haven't Got the Time» (Decca F12607) vart spelte inn. Desse to vart den første singelen til den andre besetninga av bandet, gjeven ut i mai 1967. Singelen vart spelt på radio og fekk god kritikk, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia. Singelen gav derimot hint om kva retning musikken deira utvikla seg i. Den nye stilen, med symfoniske lydar frå Pinder sin Mellotron, vart først introdusert på Pinder-songen «Love And Beauty» (Decca F 12670) som vart gjeven ut som ein singel med ein rockesong av Hayward, «Leave This Man Alone» i september 1967. Heller ikkje denne vart ein hit i Storbritannia, men etablerte den nye stilretninga deira. Ray Thomas hadde tidlegare spelt fløyte på «I've Got A Dream» på debutalbumet deira, men vart nytta stadig meir frametter når dei no starta å ta inn ein meir psykedelisk stil, som seinare vart utvikla til eit konseptalbum om ein vanleg dag i livet til ein vanleg mann.
Deram Records, Threshold Records, 1967-1972
The Moody Blues-kontrakten med Decca Records var i ferd med å gå ut og dei skulda selskapet fleire tusen pounds i forskot. Dei hadde derimot støtte hos Decca sin A&R-manager Hugh Mendl, som hadde vore viktig i den nyoppretta etiketten til London/Decca, Deram Records. Med støtte frå Mendl fekk The Moody Blues eit tilbod om å lage ein rock and roll-versjon av Antonín Dvořák sin Ny verd-symfoni som skulle hjelpe fram det nye lydformatet til selskapet, Deramic Stereo Sound (DSS) mot at dei sletta gjelda til bandet.
The Moody Blues gjekk med på dette, men dei insisterte på at dei fekk full kunstnarisk kontroll over prosjektet, og Hugh Mendl (som leiande produsent) klarte å gje dei dette trass i jarnhanda Decca var kjend for å ha over artistane sine.Obituaries - Hugh Mendl: Produsent at Decca Records; The Independent, 25 July 2008. Gruppa klarte ikkje å fullføre prosjektet, som vart skrinlagd. Dei klarte derimot å overtyde Peter Knight, som hadde fått i oppgåve å arrangere og dirigere orkestermellomspel, om å samarbeide med bandet på ei plate der dei nytta dei originale songane til bandet i staden for.
Sjølv om sjefane i Deram i starten var skeptisk til denne hybridstilen som vart det nye konseptsalbumet, vart Days of Future Passed (utgjeve november 1967) eit av dei mest populære pop/rock-albuma som kom ut i denne perioden. Det selde til gullplate og nådde 27. plass på den britiske albumlista. Fem år seinare nådde det 3. plass på den amerikanske Billboard-lista. Albumet var ein songsyklus eller eit konseptalbum som (som James Joyce sin Ulysses) fann stad i løpet av ein enkelt dag. I produksjonen og arrangementa henta dei inspirasjon frå den banebrytande bruken av klassiske instrument av The Beatles som Pinder hadde introdusert Mellotronen for det året. Det tok forma til nye høgder ved hjelp av London Festival Orchestra,Show 49 - The British are Coming! The British are Coming!: With an emphasis on Donovan, the Bee Gees and the Who. [Part 6] : UNT Digital Library klassiske musikarar som var laust tilknytte Decca og som fekk eit oppdikta namn med «London» i for at det skulle høyrast imponerande ut. Dei gav albumet ein orkesteraktig struktur til songar Moody Blues alt hadde skrive og framført, i tillegg til overturar og avslutningar på albumet. Strykarar vart lagt til på albumversjonen av Hayward sin «Nights in White Satin» (som ikkje var på singelversjonen), og det same vart gjort med Pinder sin «The Sun Set». Orkesteret og gruppa spelte faktisk aldri i lag samstundeds på innspelinga. Trass i at albumet var eit fyldig konseptalbum, vart det spelt inn på ein særs handverksmessig måte, der bandet spelte inn ein song, som vart presentert for Peter Knight, som då komponerte ein høvande overgang som vart spelt inn med Decca-musikarane ('London Festival Orchestra'). Albumet var nesten i like stor grad eit originalt verk av Knight sjølv, som av gruppa.
Den faste produsenten til Decca, Tony Clarke produserte albumet, og heldt fram samarbeidet med bandet. Tilhengjarar av bandet kallar han stundom «The Sixth Moodie», «den sjette medlemmen», og han produserte alle albuma og singlane deira dei neste elleve åra. Lydteknikar Derek Varnals medverka òg stort i forminga av den tidlege studiostilen til bandet, og arbeidde med Pinder og Clarke for å lage ein meir symfonisk overlappande lyd på mellotronen slik at han ikkje slutta like brått som instrumentet normalt gjorde. Pinder hadde tidlegare arbeidd for selskapet som laga mellotronen.
Albumet og dei to singlane «Nights in White Satin» og «Tuesday Afternoon» (som ein medley med «Forever Afternoon», skriven som «Forever Afternoon (Tuesday?)» på albumet), vart særs populære.
I 1968 følgde dei opp med albumet In Search of the Lost Chord med songen «Legend of a Mind», ein song skriven av Ray Thomas som ei hyllest til LSD -guru Timothy Leary med ein fløytesolo av Thomas - fire medlemmar av bandet hadde teke LSD i lag i byrjinga av 1967. Det vart laga promo-film for songen, filma ved Groot-Bijgaarden slott nær Brussel i Belgia. Lodge skreiv ein song i to delar, «House of Four Doors», på kvar side av dette episke Thomas-stykket. Justin Hayward byrja å spele sitar og nytta dette instrumentet på albumet, inspirert av George Harrison. Hayward sin «Voices in The Sky» vart gjeven ut på singel og nådde 27. plass i Storbritannia, medan Lodge-singelen «Ride my See Saw» nådde 42. plass i Storbritannia og 15. plass i Frankrike. Denne songen vert framleis nytta som avslutningsnummer på konsertane deira. Singelen inneheldt ein song av Pinder, «The Best Way To Travel», som ikkje vart gjeven ut på album. Graeme Edge fekk ei viktig sekundærrolle i bandet som diktar, og nokre av dei tidlegare albuma deira frå slutten av 60-åra starta med forskjellige bandmedlemmar som les dikt av Edge. Dikta hadde tema knytt til tekstane i songane som følgde. Edge sjølv las det korte diktet sitt «Departure» på «Lost Chord».
On the Threshold of a Dream kom ut i 1969. Hayward sin «Never Comes The Day» vart gjeven ut som singel i Storbritannia.
Musikken til bandet vart meir kompleks og symfonisk med mykje klang på vokalspora, noko som var tydeleg på To Our Children's Children's Children frå 1969, eit konseptalbum inspirert av den første månelandinga. Albumet avsluttar med «Watching and Waiting», skriven av Ray Thomas og Justin Hayward og sungen av Hayward. Denne songen vart gjeven ut som singel på etiketten Threshold, men gjekk ikkje inn på lista.