Slaget ved Bloody Creek vart utkjempa den 21. juni 1711 under Dronning Anne-krigen. Ein Abenaki-milits klarte å overfalle britiske soldatar og soldatar frå Ny-England ved ein stad som vart kjend som Bloody Creek etter slaga som vart utkjempa der. Elva renn ut i Annapolis River ved dagens Carleton Corner i Nova Scotia, og var òg åstad for eit slag i 1757.
Slaget var ein del av eit forsøk frå leiarane i Ny-Frankrike på å svekke det britiske grepet om Annapolis Royal. Britane hadde erobra fortet året før og dei hadde berre så vidt kontroll over området. Slaget, der heile den britiske styrken vart fanga eller drepen, gav mot til franskmennene og deira indianske allierte som blokkerte Annapolis Royal. Utan tunge våpen, klarte derimot ikkje styrken å angripe fortet med stor effekt, og gav opp omleiringa då britiske forsterkinga kom via sjøvegen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Battle of Bloody Creek (1711)» frå , den 23. desember 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Historia til Nova Scotia Kategori:Konfliktar i Canada Kategori:Konfliktar i 1711 Bloody Creek 1711 Bloody Creek 1711 Bloody Creek