Silahdar Damat Ali Pasja, òg kjend som Silahdar Ali Pasja, () var ein osmansk-tyrkisk general og storvesir.

Tidlege år Ali Pasja var fødd i İznik (Nikea i antikken), nær Bursa i Tyrkia. Han gjekk i trening på Enderun palasskule i Istanbul og under regjeringstida til Mustafa II vart han vald som personleg sekretær for sultanen. I 1709 vart han trulova med dottera til Ahmet III, og fekk tittelen damat (brudgom) og vart utpeikt som andrevesir. Den 27. april 1713 vart han storvesir.

Tida som storvesir mini|Grava til Silahdar Ali Pasha i Beograd. Kort tid etter han tiltredde i stillinga, oppnådde han å fornye Pruth-traktaten med Russland, og sikra slik den nordlege grensa for Det osmanske riket ved Dnepr.Biografi om Ahmet III (tyrkisk)

Tidleg i 1715 flytta han merksemda si mot Morea (Peloponneshalvøya i det sørlege Hellas), som hadde vore under Republikken Venezia sidan Moreakrigen og freden i Karlowitz i 1699. Osmanarane hadde aldri gløymd dette tapet. Då venetianarane gav tilflukt for opprørarar frå Montenegro i provinsen deira Dalmatia, og somme av kjøpmennene deira var involvert i ein strud med osmanske fartøy, nytta Ottoman Porte (regjeringa) dette som tilskot til å erklære krig.

Det påfølgjande felttoget i 1715, leia av Silahdar Ali Pasha sjølv, vart ein stor suksess, og heile Morea fall raskt utan den osmanske armeen tapte særleg med menn.

Habsburgsk Austerrike, som var ein alliert av Venezia, erklærte derimot òg krig mot osmanarane. I 1716 flytta Ali Pasha til den austerrikske grensa, der han kommanderte den osmanske armeen mot austerrikske styrkar under prins Eugene av Savoie i slaget ved Petrovaradin (5. august 1716). Under slaget mista Ali Pasha livet.Prof. Yaşar Yüce-Prof. Ali Sevim: Türkiye tarihi Cilt III, AKDTYKTTK Yayınları, İstanbul, 1991 p 268-269 Han vart gravlagd i Beograd.

Etter han døydde vart han kalla Şehit Ali Pasha (martyr).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Silahdar Damat Ali Pasha» frå , den 26. desember 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Storvesirar i Det osmanske riket Kategori:Pasjaer Kategori:Osmanske tyrkarar