1905 (romartal MCMV) var eit normalår som byrja på ein sindag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein laurdag i den julianske kalenderen.

Hendingar

Utlandet mini|Den blodige sundagen i St. Petersburg: Soldatane til tsaren opna eld mot tusenvis av demonstrantar.

Albert Einstein publiserte den spesielle relativitetsteorien. 2. januar: Den russiske flåtebasen Port Arthur kapitulerte i den russisk-japanske krigen. 22. januar: 200 000 russiske arbeidarar marsjerte til vinterpalasset i St. Petersburg der dei blei skotne på av troppane til tsaren. Hundrevis døydde. Denne hendinga var den første russiske revolusjonen. 26. januar: Cullinandiamanten blei funnen i ei gruve nær Pretoria i Sør-Afrika. 3. mars: Den russiske tsaren aksepterte å skapa ei folkevald forsamling — Dumaen. 4. april: Eit jordskjelv med styrke 7,8 på Richterskalaen i Kangra-området i det nordlege India kravde nær 20 000 dødsoffer. 15. mai: Las Vegas i Nevada blei grunnlagt. 27. mai: Den japanske flåten under befalet til general Tojo sigra over den russiske austersjøflåten under befal av admiral Rozjdestvenskij ved Tsushima i Koreasundet. Det russiske nederlaget blei slutten på den russisk–japanske krigen. 5. september: Med meklinga av den amerikanske presidenten Theodore Roosevelt blei det slutta fred mellom Russland og Japan i Portsmouth i USA. Den russisk-japanske krigen var over. 8. september: Eit jordskjelv med styrke 7,9 i Calabria i Italia kravde ca. 2 500 dødsoffer. 26. oktober: Kong Oscar II av Sverige sa frå seg den norske krona og tok eit nytt valspråk: «Sveriges Väl!» 30. oktober: Russlands Tsar Nikolaus II proklamerte det såkalla oktobermanifestet. 28. november: Det irske nasjonalistpartiet Sinn Féin blei grunnlagt. 5. desember: Sir Henry Campbell-Bannerman blei statsminister i Storbritannia.

Noreg mini|Norsk postkort frå 1905. 15. januar: Eit stort ras i Loen drap 61 menneske. 7. juni: Stortinget erklærte unionen med Sverige for oppløyst. Stortinget gav Christian Michelsen si regjering i oppdrag å overta styringa mellombels inntil nytt statsoverhovud var på plass. 12.-13. august: Ei folkerøysting gjev 368 208 ja og 184 nei til oppløysing av unionen. 16. oktober: Unionsoppløysinga i 1905: Etter krigshissing og harde forhandlingar vart den norske unionen med Sverige formelt oppløyst då den svenske riksdagen godkjende Noreg som eigen stat. 12. november: Ei folkerøysting om republikk eller kongedøme gav fleirtal for kongedømme. 259 563 for monarki og 69 264 for republikk. 18. november: Stortinget valde samrøystes den danske prins Carl til konge (Som konge heitte han Haakon VII av Noreg). 25. november: Haakon VII og familien hans kom til Kristiania (det noverande Oslo). 2. desember: Sam Eyde og Kristian Birkeland stifta Norsk Hydro.

Fødde mini|upright|Jean-Paul Sartre kom til verda 21. juni mini|upright|Åse Gruda Skard vart fødd 2. dsember

2. februar: Ayn Rand, russisk-amerikansk filosof og forfattar 3. februar: Arne Beurling, svensk matematikar. 15. mars: Berthold Schenk von Stauffenberg, tysk jurist og nazi-motstandar 19. mars: Albert Speer, tysk nazistisk politikar og arkitekt 8. april: Bernt Evensen, norsk skeiserennar 12. april: Inger Hagerup, norsk forfattar 3. juni: Sven Oftedal, norsk politikar 21. juni: Jean-Paul Sartre, fransk forfattar og nobelprisvinnar 25. juli Elias Canetti, tyskspråkleg forfattar og nobelprisvinnar 29. juli: Dag Hammarskjöld, generalsekretær i SN og nobelprisvinnar 13. august: Trygve Bull, norsk politikar 20. august: Hans Vinjarengen, norsk skirennar 22. august: John Lyng, norsk politikar og statsminister 3. september: Carl David Anderson, amerikansk fysikar og nobelprisvinnar 18. september: Greta Garbo (eig. Greta Gustafsson), svensk filmskodespelar 22. september: Haakon Lie, norsk politikar 19. november: Tommy Dorsey, amerikansk jazztrombonist og storbandsleiar 2. desember: Åse Gruda Skard, norsk barnepyskolog 16. desember: Piet Hein, dansk kunstnar, diktar og ingeniør

Døde mini|The Madonna of the Roses (1903) av William Bouguereau, som døydde i 1905.

15. mars: Amalie Skram, norsk forfattar 22. mars: Antonin Proust, fransk politikar 24. mars: Jules Verne, fransk forfattar 14. april: Otto Wilhelm von Struve, russisk astronom 5. august: Anton Ažbe, slovensk kunstnar 19. august: William Bouguereau, fransk målar 21. august: Julius Oppert, fransk orientalist 30. november: Rasmus Flo, norsk litterat og filolog 29. desember: Martin Wiberg, svensk pppfinnar

Nobelprisar Fysikk: Philipp von Lenard, Tyskland Kjemi: Adolf von Baeyer, Tyskland Medisin: Robert Koch, Tyskland Litteratur: Henryk Sienkiewicz, Polen Fred: Bertha von Suttner, Austerrike

Kategori:1900-åra

nv:1901 – 1950