mini|Rista brød med rømme og pepar som pålegg. Pålegg er ei samlenemning på matprodukt som leggast på ei brødskive, eit knekkebrød eller liknande. Vanlege pålegg er syltetøy, ost og kjøtpålegg (som til dømes fårepølse, skinke og liknande).

Ordet «pålegg» er utleia av «å legge på,» altso at det er funksjonen til matproduktet, det å legge det på brød, som definerer kva som er pålegg. Det er ikkje fysiske eigenskapar ved pålegget som er avgjerande. For eksempel er syltetøy pålegg når ein brukar på brødskiver, men ikkje når ein brukar som tilbehøyr til middag.

Mange andre språk, som engelsk, har ikkje noko omgrep som viser til «kva som helst som ein kan ha på ei brødskive», så ordet dukkar jamleg opp på lister over ord ein ikkje kan omsetja.

Døme på pålegg Brunost Gulost Italiensk salat Leverpostei Makrell i tomat Prim Rekesalat Rullepølse Salami Sjokoladepålegg Syltetøy

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pålegg» frå , den 30. desember 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Mat