Afrodite (gresk Ἀφροδίτη, 'kome fram av skum'),Ἀφροδίτη, Wiktionary er gudinna for kjærleiken, det fruktbare, gleda og venleiken i den gamle greske mytologien. Ho svarar til Venus i den romerske mytologien. Diktaren Homer sa at ho er dotter av Zevs og gudinna Dione, og forfattaren Hesiod at ho var fødd av havet, som hadde vorte svanger med henne av di penisen til Uranos fall i havet etter at han vart kastrert av sin eigen son, Kronos.
mini|venstre|Aphrodite på svana si, slik ho er framstilt på ein kylix (gresk vase) frå om lag 460 før Kr., no i British Museum i London.
Dyrkinga av Afrodite var i stor monn avleia frå dyrkinga av den fønikiske gudinna Astarte og den babylonske Ishtar. Dei viktigaste kultsentra for afroditedyrkinga var i Kýthira, på Kypros, i Korint og i Aten. Den store Afrodisia-festivalen vart feira kvart år midt på sumaren. I Lakonía vart Afrodite tilbeden som ei krigargudinne.
I Hesiods dikt Theogonien vert Afrodite fødd i havet utanfor Kýthira frå sæden til Uranos. Hesiod kallar henne difor også Kythireia. Homer meiner ho er dotter til Zevs og Dione. I Platons Symposion vert det hevda at det finst to utgåver av Afrodite; Afrodite Urania («den himmelske») og Afrodite Pandemos («den folkelege»). Det er noko uklårt kva Platon la i dette.
Afrodite vart gift med meistersmeden og guden for smier, eld og vulkanar, Hefaistos, men ho hadde fleire utanomekteskaplege eventyr, og fekk ifylgje Homers Odysseen sonen Eros med krigsguden Ares. I Den homeriske hymna til Afrodite forfører ho den trojanske prins Ankhises og vert mor til helten Aeneas. I Ovids Metamorfoser vert Afrodite elskerinna til Adonis som seinare vart drepen av eit villsvin.
Afrodite var også ei av dei tre gudinnene, saman med Atene og Hera, som tevla om gulleplet som skulle gjevast til «den fagraste». Den trojanske prins Paris var satt til å dømme mellom gudinnene og gav eplet til Afrodite av di ho hadde lova han den vakraste kvinna i verda, dronning Helena av Lakonia. Dette skal ha gjeve opphav til utbrotet av Trojakrigen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Greske gudinner Kategori:Gudar for liv og lyst