Flims (retoromansk Flem) er ein kommune i distriktet Imboden i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 1081 meter over havet. Tysk er dominerande talemål i kommunen.
Flims består av landsbyen Flims (kalla Flims Dorf) og grendene Fidaz og Scheia samt Flims-Waldhaus. Flims er særleg kjend for Flims-raset, det største steinraset på jorda som er synleg. Landsbyen ligg nær ved der glideflata til raset forsvinn under dei utrausa steinmassane.
Kommunen ligg i Trin kreis. Flims ligg på ein terrasse nord for Rhinendalen, som dannar kløfta Ruinaulta her. Caumasee og Crestasee ligg sør for byen i Flimsraset.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Flims» frå , den 10. januar 2012.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Turisme om sommaren
Kategori:Kommunar i Graubünden Kategori:Vintersportstader i Sveits