Orden i matematikk er eit omgrep som vert nytta innan mange område av matematikken for å klassifisere. Døme er
Ordenen til ei gruppe er mengda element i gruppa. Ordenen til ei kurve er graden til likninga som skildrar ho, til dømes er kjeglesnitt kurver av andre orden. Ordenen til ein determinant er mengda linjer eller kolonnar i determinanten. Ei differensiallikning vert sagt å vere av n-te orden viss yn, det vil sei den n-te deriverte av den ukjende funksjonen y, er den høgaste deriverte av y i differensiallikninga.
Kjelder orden. (2012-01-16) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/orden/matematikk
Kategori:Matematisk terminologi