Paul Guldin () var ein sveitsisk matematikar. Hovudverket hans er Centrobaryca (4 bind, 1635–1641), der han avgjer tyngdepunkt og gjev dei to barysentriske reglane (òg kalla Guldin-reglane) til å avgjere overflate og volum av rotasjonsflater:

Når ei plan, lukka kurve vert dreidd om ein akse i planet til kurva, som ikkje skjer kurva, er overflata av den framkomne rotasjonsflata (omdreiingsflata) lik lengda til kurva multiplisert med lengda av den sirkelen tyngdepunktet til kurva skildrar. Volumet til rotasjonsflata er lik arealet til kurva multiplisert med lengda av den sirkelen tyngdepunktet til arealet skildrar.

Desse reglane var i hovudsak kjend av den aleksandrinske matematikaren Pappos (ca. 300 e.Kr.), vert derfor òg ofte kalla Pappos-reglane.

Kjelder Paul Guldin. (2012-01-17) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Paul_Guldin

Kategori:Sveitsiske matematikarar Kategori:Sveitsiske astronomar Kategori:Matematikarar på 1500-talet Kategori:Matematikarar på 1600-talet Kategori:Astronomar på 1600-talet