Ida Schöpfer () var ein sveitsisk skirennar frå Flühli i kantonen Luzern. Ho vart i 1954 verdsmeister i både utfor og den alpine kombinasjonen. Ti gongar vart ho sveitsisk meister.
Schöpfer slo gjennom nasjonalt då ho i 1948 vart sveitsisk meister i kombinasjonen. Året etter fekk ho plass på det sveitsiske skilandslaget, og var den fremste sveitsiske kvinnelege alpinisten åra 1951-54.
Under Vinter-OL 1952 i Oslo kom ho på 10. plass i utfor og 16. plass i storslalåm. To år seinare, under VM i alpint 1954 i Åre i Sverige, slo ho favoritten Trude Klecker frå Austerrike med eit tidels sekund og tok gull i utfor. Deretter vart ho nummer åtte i storslalåmtevlinga, før ho fekk sølvmedaljen i slalåm etter ein framifrå andreomgang. Slalåmresultatet gjorde at ho også gjekk til topps i den alpine kombinasjonen, med klar margin til landskvinna Madeleine Berthod.
Ida Schöpfer-Bieri døydde i heimstaden Flühli, 84 gammal.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ida Schöpfer» frå , den 18. januar 2012.
Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1952