mini|Byste av Benjamin Britten i Royal Festival Hall i London. Edward Benjamin Britten () var ein britisk dirigent, musikar og komponist. Han er rekna som ein av dei viktigaste samtidskomponistane på 1900-talet. Britten skreiv fleire symfoniar og operaer og fleire verk for barn. Han grunnla The English Opera Group og festspela i Aldeburgh. Han blei tildelt Leonie Sonnings musikkpris 1968 og dei britiske ordenane Order of Merit og Order of the Companions of Honour. Kort tid før han døydde tok han imot adelstittelen Baron Britten, of Aldeburgh in the County of Suffolk.
Bakgrunn Britten vart fødd på minnedagen til sankt Cecilia, vernehelgen for musikk. Fødestaden hans var hamnebyen Lowestoft i Suffolk aust i England, eit område han skulle bu i størsteparten av livet sitt. Han var den yngste av fire søsken. Far hans, Robert, var tannlege medan mora Edith var amatørmusikar og sekretær i Lowestoft Musical Society. og Det var ho som lærte Benjamin pianospel og notar. Allereie som femåring prøvde Britten å skriva eit musikkstykke, utan å eigentleg kunna notar. I 9–12-årsalderen skreiv han småstykka som han seinare skulle arrangera til Simple Symphony i 1934. Han skreiv om dette i plateomslaget til innspelinga frå 1956:
Då Benjamin Britten blei litt eldre tok han pianotimar hjå læraren Ethel Astle og lærte å spela bratsj av Audrey Alston, ein venn av mora som hadde vore profesjonell bratsjspelar før ho gifta seg. Som trettenåring fekk han opplæring i komposisjon av Frank Bridge etter å ha høyrd tonediktet hans The Sea på ein konsert i Norwich. Dette var det fyrste større verket moderne musikk han hadde høyrt, og det hadde ein sterk effekt.Lara Feigel, Alexandra Harris eds, Modernism on Sea: Art and Culture at the British Seaside; vitja 3. september 2013
Som sekstenåring vann Britten eit stipend til å studera ved Royal College of Music i London, dømt av komponistane John Ireland og Ralph Vaughan Williams harmoni og kontrapunktlæraren ved colleget, S.P. Waddington. Han var ved RCM frå 1930 til 1933, og studerte komposisjon med John Ireland og piano hjå Arthur Benjamin. Han blei ein dyktig pianospelar som seinare spelte det mykje som akkompagnement og til kammermusikk. Han vann Sullivan-prisen for komposisjon, Cobbett Competition for kammermuskk, og Ernest Farrar-prisen for komposisjon to gonger.
Komponist mini|The Scallop, skulptur av Maggi Hambling i Aldeburgh i Suffolk. Teksten på skjelet er henta frå Britten sin opera Peter Grimes. Britten skreiv fleire verk medan han var ved College of Music. Hans første verk med opusnummer var Sinfonietta frå 1932. A Boy was Born (opus 3, 1933) for kor utan akkompagnement. Dette verket blei spelt på BBC i februar 1934, og blei så positivt motteke at eit anna stykke av Britten, Phantasy (opus 2), blei valt ut av International Society for Contemporary Music til å framførast ved deira festival for samtidsmusikk i Firenze same året. Den dødssjuke faren hans oppfordra Britten til å dra, og døydde under festivalen.
Ved festspela i Salzburg i 1937 fekk Britten stor internasjonal suksess med sine Variasjoner over eit tema av Frank Bridge. Men dette året miste Britten også mor si og Peter Burra, ein nær ven. Gjennom ein arv etter Burra blei Britten kjend med tenoren Peter Pears, som han skulle utvikla eit nært musikalsk og seinare også personleg tilhøve til. Mora etterlét seg også nok pengar til å kjøpa ei gammal vindmølle i Snape i Suffolk og setja henne i stand til bustad.
Rundt midten av 30-talet arbeidde Britten for General Post Office Film Unit, som laga dokumentarfilmar om livet i England, særleg blant arbeidarar. Her arbeidde han mellom anna med diktaren W.H. Auden. Begge var med på å laga den omtykte filmen Night Mail, og dei to utvida samarbeidet til mellom anna songsyklusen Our Hunting Fathers. Også seinare skreiv Britten musikk for film og fjernsyn, som Owen Wingrave (1976), ein opera skriven for fjernsyn, The Young Person's Guide to the Orchestra (1946), eit mykje omtykt verk som var bestilt av det britiske undervisingsdepartementet og skulle visa fram lyden av ulike musikkinstrument. Britten skreiv mykje musikk for, av og til støtte for barn, som barneoperaer, kantaten Saint Nicolas (1948) og Children's Crusade (1968) for Save the Children (Redd barna).
I 1939 drog Auden, og seinare også Britten og Pears, til USA. Britten skreiv fleire stykke her, mange av dei songstykke for Pears eller andre solistar, men også orkesterverk, som Sinfonia da Requiem, tileigna foreldra. Han pleia venskapen med Aaron Copland og høyrde dei nye verka hans. Britten skreiv sitt første musikalske drama, Paul Bunyan, i USA og etter ei amerikansk soge, men med libretto av Auden. Britten og Pears blei verande i USA til 1942, først for å oppfordra amerikanarane til å støtta Storbritannia i andre verdskrigen, seinare fordi det var vanskeleg å få visum til å dra attende. Under overfarten fullførte Britten A Ceremony of Carols og Hymn to St Cecilia. Britten var pasifist og både han og Pears meinte dei kunne støtta landet sitt betre musikalsk enn militært. Dei registrerte seg som militærnektarar og heldt i staden konsertar for Council for the Encouragement of Music and the Arts (CEMA).
I 1945 hadde Britten sin opera Peter Grimes premiere i Sadler’s Wells Theatre med Peter Pears i hovudrolla. Han spådde ei ny tid for britisk opera, og er blitt rekna som den første store engelske operaen sidan Dido and Aeneas av Henry Purcell. I åra som følgde skreiv Britten fleire operaer, som «kammeroperaene» The Rape of Lucretia, Albert Herring og den mykje omtykte The Turn of the Screw (1954). Han samarbeidde om mange av desse verka med Eric Crozier, som var seneinstruktør og librettoforfattar. Medan mykje av musikken Britten skreiv var basert på moderne litteratur, skreiv han også opera basert på Shakespeare (Midsummer Night's Dream, 1960) og engelsk historie (Gloriana, 1950, om dronning Elisabet I).
I 1947 slo Britten og Pears seg ned i Aldeburgh ved kysten av Norfolk. Året etter arrangerte dei Aldeburgh-festivalen for første gong. På festivalen, som har halde fram til våre dagar, blei det presentert førelesingar, kunst og musikk av Britten og andre.
mini|Mstislav Rostropovitsj og Benjamin Britten etter ein konsert i 1964. mini|Glasmåleri til minne om Benjamin Britten i kyrkja i Aldeburgh, basert på Britten sine tre Church Parables. I 1950-åra fann Benjamin Britten inspirasjon i asiatisk musikk. Under ei reise i 1957 opplevde han både balinesisk gamelanmusikk og japansk no-teater. Hans musikalske svar var balletten The Prince of the Pagodas (1957) og tre halv-operatiske verk han kalla Parables ('likningar') til framføring i ei kyrkje. Han skreiv også mange andre religiøst inspirerte verk, som fem canticles og i 1962 War Requiem, eit meisterleg korverk basert på dikta til Wilfred Owen, til opninga av den gjenoppbygde domkyrkja i Coventry.
På 1960-talet knytte Britten venskap med russarane Sjostakovitsj, som han dirigerte musikken til, cellisten Rostropovitsj og kona hans, sopranen Galina Visjnevskaja. Desse skreiv han fleire verk for. Gjennom heile karrieren sin hadde Britten ofte skrive musikk for særskilde utøvarar. Hans siste opera, Death in Venice, blei laga som ei avskjedsrolle for Peter Pears. Britten hadde vore plaga av dårleg helse under skrivinga, og kort tid før premiera måtte han ta ein hjarteklaffoperasjon. Operasjonen var ikkje heilt vellukka, og etterpå kunne ikkje Britten dirigera lenger. Han trengde sjukepleie, men klarte likevel å skriva fleire verk før han døydde i 1976. Mange av desse blei urfamførte ved Aldeburgh-festivalar.
Prisar og utmerkingar (utval) 1961: UNESCO sin International Rostrum of Composers 1961 (for A Midsummer Night's Dream) 1963: Grammy-pris for Classical Album of the Year, Best Classical Composition by a Contemporary Composer, Best Classical Performance – Choral (Other Than Opera) (alle for War Requiem) 1964: Royal Philharmonic Society Gold Medal 1968: Léonie Sonnings musikkpris 1974: Ernst von Siemens' musikkpris (første prisvinnar) 1977: BRIT Awards, Best Orchestral Album (of the past 25 years) (for War Requiem) 1998: Grammy Hall of Fame Award (for War Requiem)
Verkliste Sortert etter opusnummer Op. 1, Sinfonietta, 1932 Op. 2, Phantasy, obokvartett, 1932 Op. 3, A Boy was Born for blandakor med orgel ad lib, 1933, revidert 1955 Op. 4, Simple Symphony for strykarar, 1934 (også for strykekvartett) Op. 5, Holiday Diary for piano, 1934 Op. 6, Suite for fiolin og piano, 1935 Op. 7, Friday Afternoons for barnestemmer og piano, 1935 Op. 8, Our Hunting Fathers for sopran eller tenor og orkester (tekst W.H. Auden), 1936 Op. 9, Soirées musicales for orkester (etter Rossini), 1936 Op. 10, Variations on a Theme of Frank Bridge for strykeorkester, 1937 Op. 11, On this Island for sopran eller tenor og piano (tekst W. H. Auden), 1937 Op. 12, Mont Juic (etter katalanske dansar, med Lennox Berkeley), 1937 Op. 13, Pianokonsert, 1938, revidert 1945 Op. 14, Ballad of Heroes for tenor eller sopran, kor og orkester (tekst W.H. Auden og Randall Swingler), 1939 Op. 15, Fiolinkonsert, 1939, revidert 1958 Op. 16, Young Apollo for piano og strykarar, 1939 (trekt tilbake) Op. 17, Paul Bunyan, opera/operette (libretto W.H. Auden), 1941, revidert 1976 Op. 18, Les Illuminations, for sopran eller tenor og strykarar (tekst Arthur Rimbaud), 1939 Op. 19, Canadian Carnival, overtyre, 1939 Op. 20, Sinfonia da Requiem, 1940 Op. 21, Diversions for venstrehendig piano og orkester, 1940, revidert 1954 Op. 22, Seven Sonnets of Michelangelo for tenor og piano, 1940 Op. 23 No. 1, Introduction and Rondo alla burlesca for to piano, 1940 No. 2, Mazurka elegaica for to piano, 1941 Op. 24, Matinées musicales for orkester (etter Rossini), 1941 Op. 25, Strykekvartett nr. 1, 1941 Op. 26, Scottish Ballad for to piano og orkester, 1941 Op. 27, An American Overture, 1941 [først framført 1983] Op. 27, Hymn to St. Cecilia for SATB, 1942 Op. 28, A Ceremony of Carols for korgutar og harpe, 1942 Op. 29, Prelude and Fugue for 18 strykarar, 1943 Op. 30, Rejoice in the Lamb for solistar, kor og orgel, 1943 Op. 31, Serenade for Tenor, Horn and Strings, songsyklus, 1943 Op. 32, Festival Te Deum for kor og orgel, 1945 Op. 33, Peter Grimes, opera (libretto Montagu Slater etter George Crabbe), 1945 Op. 33a, Four Sea Interludes from Peter Grimes Op. 33b, Passacaglia from Peter Grimes Op. 34, Variations and Fugue on a Theme of Henry Purcell (The Young Person's Guide to the Orchestra), 1946 Op. 35, The Holy Sonnets of John Donne for sopran eller tenor og piano, 1945 Op. 36, Strykekvartett nr. 2, 1945 Op. 37, The Rape of Lucretia, opera (libretto Ronald Duncan etter André Obey), 1946 revidert 1947 Op. 38, Occasional Overture, 1946 Op. 39, Albert Herring, opera (libretto Eric Crozier etter Guy de Maupassant), 1947 Op. 40, My beloved is mine (Canticle I) for sopran eller tenor og piano (tekst Francis Quarles), 1947 Op. 41, A Charm of Lullabies for mezzosopran og piano, 1947 Op. 42, Saint Nicolas for solistar, kor, strykarar, firhendig piano, perkusjon og orgel, 1948 Op. 43, The Beggar's Opera etter John Gay, 1948 Op. 44, Spring Symphony for solistar, blandakor, barnekor og orkester, 1949 Op. 45, The Little Sweep, opera (libretto Eric Crozier), 1949 Op. 46, A Wedding anthem Amo Ergo Sum for sopran, tenorkor og orgel (tekst Ronald Duncan), 1949 Op. 47, Five Flower Songs for SATB, 1950 Op. 48, Lachrymae for bratsj og piano, 1950 Op. 48a, Lachrymae for bratsj og strykarar, 1976 Op. 49, Six Metamorphoses after Ovid for obo, 1951 Op. 50, Billy Budd, opera (libretto E. M. Forster og Eric Crozier etter Hermann Melville), 1951, revidert 1960 Op. 51, Abraham and Isaac (Canticle II) for alt, tenor og piano (Chester miracle play), 1952 Op. 52, Winter Words for sopran eller tenor og piano (tekst av Thomas Hardy), 1953 Op. 53, Gloriana, opera (libretto William Plomer etter Lytton Strachey), 1953