Nicolas Chalon du Blé () var ein fransk adeleg general og utanriksminister. Han var marki av Uxelles og Cormatin, og vart òg gjort til riddar og marskalk av Frankrike av Ludvig XIV. Chalon du Blé var diplomat for Ludvig XIV og hertug Filip II av Orléans.
Han gjorde militær karriere under niårskrigen og tente som generalløytnant under omleiringa av Philippsburg og fekk ansvaret for å forsvare festninga i Mainz, då den franske armeen måtte trekkje seg attende.
I starten forsvarte han omleiringa av Mainz mot Storalliansen frå 1. juni til 8. september 1689, men måtte overgje seg, og fekk offentleg kritikk då han vendte attende til Paris. Han fekk likevel lenet Rougemont-le-Château (1696) av kongen og vart sidan marskalk i 1703.
Chalon du Blé representerte kongen som diplomat under forhandlingane i freden i Utrecht i 1713. Han vart den første utanriksminsiteren under Filip II (1715-1718).
Nicolas Chalon du Blé var ein av dei mest kjende homoseksuelle i si tid, og kjend for å vera tiltrekt av unge kammertenarar og offiserar.The Man Who Would Be King; The Life of Philippe d'Orléans, Regent of France by Christine Pevitt. Published by Weidenfeld & Nicolson in Great Britain, 1997. Han gifta seg aldri, og hadde ingen barn. Chalon du Blé døydde i Paris i 1730.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nicolas Chalon du Blé» frå , den 22. januar 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Chalon-sur-Saône Kategori:Franske marskalkar Kategori:Markiar av Uxelles Kategori:Markiar av Cormatin Kategori:Franskmenn i niårskrigen Kategori:Franskmenn i den spanske arvefølgjekrigen Kategori:Den Heilage Ande-ordenen Kategori:Franske diplomatar Kategori:Franske utanriksministrar