Peugeot 307 er ein liten familiebil som vart produsert av den franske bilprodusenten Peugeot. Modellen vart lansert i 2001, og vann Årets Bil i Europa i 2002. Bilen vart i 2007/2008 erstatta av Peugeot 308.
Historie 307 vart opphavleg presentert som prototypen «307 Prométhée» i 2000. Produksjonsmodellen vart presentert i Europa i 2001 som ein etterfølgjar til Peugeot 306.
Utsjånad Peugeot 307-plattforma er ei vidareutvikling av forgjengarane, og vart òg nytta i Citroën Xsara. 307 vidareførte Peugeot sitt nye formspråk, som tidlegare hadde vorte vist på Peugeot 206 og Peugeot 607. Han hadde store frontlykter, bratt panser og frontrute.
Karosserivariantar Ved lanseringa kom 307 som tre- og femdørsutgåver, og i 2002 vart modellutvalet utvida med to stasjonsvogner, kalla 307 Break og 307 SW. Utvendig er dei nesten identiske, bortsedd frå at SW-versjonen har eit sølvgrått takstativ og eit stor panoramatakvindauge som standard. Innvendig er 307 Break ei konvensjonell stasjonsvogn, medan SW har ei valfri tredje seterad, slik at han vert meir fleksibel.
307 CC er ein cabriolet med avtakbart ståltak, som vart lansert i 2003.
I 2004 vart det starts produksjon av ein firedørs sedan-versjon ved Dongfeng Peugoet-Citroën Automobile i Kina, for den kinesiske marknaden. Modellen har òg sidan 2006 vore bygd i Argentina. Han vart introdusert på den spanske marknaden hausten 2006.
Motorar Modell Motorkode Ventilar Slagvolum Effekt / omdr. Moment / omdr. Årgangar Bensinmotorar1.4TU3JP (KFW)81.360 cm³ / 5.500 / 3.4002002 til 20041.4 16VET3J4 (KFU)161.360 cm³ / 5.250 / 3.2502003 til 20071.6 16VTU5JP4 (NFU)161.587 cm³ / 5.800 / 4.0002001 til 20072.0 16VEW10J4 (RFN)161.997 cm³ / 6.000 / 4.1002001 til 20052.0 16VEW10A (RFJ)161.997 cm³ / 6.000 / 4.0002005 til 20072.0 16VEW10J4S (RFK)161.997 cm³ / 7.000 / 4.7502005 til 2007 Dieselmotorar1.4 HDiDV4TD (8HX/HZ)81.398 cm³ / 4.000 / 1.7502002 til 20041.6 HDiDV6(A)TED4 (9HX/HV)161.560 cm³ / 4.000 / 1.7502006 til 20071.6 HDiDV6TED4 (9HZ/HY)161.560 cm³ / 4.000 / 1.7502004 til 20072.0 HDiDW10TD (RHY)81.997 cm³ / 4.000 / 1.9002001 til 20052.0 HDiDW10ATED4 (RHS)81.997 cm³ / 4.000 / 1.7502001 til 20042.0 HDiDW10BTED4 (RHR)161.997 cm³ / 4.000 / 2.0002003 til 2007
Andletslyfting i 2005 I 2005 fekk modellen ei andletslyfting, som inkluderte oppgraderte frontlykter og eit nytt panser. Bilen fekk òg ein ansleis støytfangar framme med større luftinntak. Innvendig vart det nytta materialar av høgre kvalitet enn på forgjengaren. Ved same høve vart det innført ein ny dieselmotor.
307 i rally Peugeot 307 WRC er ein WRC-bil basert på 307 CC som erstatta 206 WRC i World Rally Championship i 2004. Bilen har teke tre WRC-sigrar, men vart teken ut av rally då PSA Peugeot Citroën trekte seg frå WRC etter 2005-sesongen. Bilen stod på toppen av pallen i Rally Finland i 2004 og 2005, samt i Rally Japan i 2005, alle gongane med Marcus Grönholm bak rattet.
Også nordmannen Henning Solberg har nytta ein 307 WRC i verdsmeisterskapen i rally.
Bakgrunnsstoff
307