Tom Tellefsen () var ein norsk skodespelar frå Asker, kjend frå både teater og film.
Biografi
Som barn flytte Tom Tellefsen frå Asker til Oslo med familien på slutten av 1930-åra. Som ung var han interessert i idrett, og spela m.a. fotball for eit Oslo-lag. Allereie før examen artium i 1950, hadde han fått debuten sin som skodespelar, nemleg i rolla som Karsten i filmen Gategutter (1949) av Arne Skouen. Dette vart eit springbrett for karrieren hans, og han fekk snart nye roller i norske filmar frå 1950-åra. Tellefsen utdanna seg ved Statens Teaterskole, og vart tilsett ved Det Norske Teatret i 1959.
Ei av dei mest kjende teaterrollene til Tellefsen var i monologen Kaspar av Peter Handke. Ein av kritikarane til dette stykket kalla det «Ein av Tom Tellefsens største sigrar med eit overlag detaljsikkert, fint balansert spel.»NBL-artikkel om Tom Tellefsen, skriven av Svein Erik Brodal Elles vart han kjend for sine tolkingar av rollefigurane i dei absurde stykka til Samuel Beckett, m.a. då han spela Estragon i Mens vi ventar på Godot saman med Bjarne Andersen i 1970.
I 1986 og 1996 opptredde Tellefsen i Ein sørgjeleg time med Tom Tellefsen på Det Norske Teatret.Ein sørgjeleg time med Tom Tellefsen på Det Norske Teatret Dette var ein slags matiné der han framførte tekstar av Samuel Beckett, Franz Kafka, Slawomir Mrozek og Kjell Askildsen.
Tom Tellefsen gjekk av med pensjon frå Det Norske Teatret i 2001. I tillegg til den over 40 år lange innsatsen sin på Det Norske Teatret har Tellefsen hatt mange oppdrag både i Radioteatret og Fjernsynsteatret.
Frå 1955 til 1962 var han gift med skodespelaren Rut Tellefsen. Dei fekk dottera Pia Tellefsen, som også er skodespelar.
Utmerkingar
Statens filmstipend Statens kunstnerstipend Kongens fortenstmedalje Oslo bys kunstnerpris (2001)Bokmålswikipedia om Tom Tellefsen, henta inn 24. januar 2012
Rolleliste (utval)
Film
1949: Gategutter 1952: Nødlanding 1952: Andrine og Kjell 1954: Cirkus Fandango 1955: Blodveien 1956: Gylne ungdom 1960: Venner 1960: Omringet 1968: Smuglere 1968: De ukjentes marked 1970: Balladen om mestertyven Ole Høiland 1970: Douglas 1974: Bør Børson jr. 1974: Kimen 1975: Skraphandlerne 1976: Bør Børson II 1979: Kronprinsen 1979: Ingen roser... takk 1982: Olsenbandens aller siste kupp 1982: Engler i sneen 1986: Makaroni Blues 1986: Hard asfalt 1988: Sweetwater 2000: Ballen i øyet
Teater
Ein sørgjeleg time med Tom Tellefsen Vasco i Historia om Vasco (Georges Schéhadí) Kaspar i Kaspar av Peter Handke Estragon i Mens vi ventar på Godot (Samuel Beckett) Clov i Sluttspel (Samuel Beckett) Willie i Glade dagar (Samuel Beckett) Julius i Ungen (Oscar Braaten)NRK, 20.01.12: Tom Tellefsen er død Teodor Snekkersveen i Trost i taklampa (Alf Prøysen) Shylock i Kjøpmannen i Venedig (Shakespeare) Eilert Løvborg i Hedda Gabler (Henrik Ibsen) Gregers Werle i Vildanden (Henrik Ibsen) Myrullbråten i Krokryggen (Kjell Aukrust) Tsjebutikyn i Tre systrer (Anton Tsjekhov) Ferdinand i Goya av (Antonio Buero Vallejo)
Kjelder
NBL-artikkel om Tom Tellefsen, skriven av Svein Erik Brodal Filmografi frå Filmfront.no
Fotnotar
Kategori:Folk frå Asker Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske skodespelarar