Anne Jules de Noailles, 2. hertug av Noailles () var ein av dei øvste generalane i Frankrike mot slutten av regjeringstida til Ludvig XIV, og han kommanderte dei franske styrkane i Spania under både niårskrigen og den spanske arvefølgjekrigen. I 1693 vart han marskalk av Frankrike.
Liv og virke Han tok over som hertug etter faren Anne de Noailles då han døydde i 1677. Han var gift med Marie Françoise de Bournonville som han fekk 21 born med. Adrien-Maurice, det sjuande barnet og den eldste overlevande sonen hans, overtok etter faren då han døydde. Av døtrene gifta Marie Victoire seg med ein av kong Ludvig XIV sine uekte born, Comte de Toulouse.
Den største sigeren hans var slaget ved Ter i 1694.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Anne Jules de Noailles» frå , den 25. januar 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Franske marskalkar Anne-Jules Kategori:Huset Noailles Kategori:Franskmenn i niårskrigen Kategori:Franskmenn i den spanske arvefølgjekrigen Kategori:Den Heilage Ande-ordenen