Akinwande Oluwole «Wole» Soyinka () er ein nigeriansk dramatikar og teaterinstruktør. Han har òg har forfatta romanar, essay og dikt.

I 1986 fekk han Nobelprisen i litteratur av di han «i ett brett kulturellt perspektiv och med poetiska övertoner gestaltar tillvarons drama.»«who in a wide cultural perspective and with poetic overtones fashions the drama of existence».Nobeltildelinga 1986 på nobelprize.org Takketalen, som han dediserte den sørafrikanske fridomskjemparen Nelson Mandela, var ein krass kritikk av apartheidpolitikken i Sør-Afrika.

Liv Soyinka blei fødd i Abeokuta i Nigeria i ein fattig joruba-familie. Begge foreldra var overtydde kristne, faren var rektor på ein folkeskole. Etter å ha fullført college i Ibadan studerte Soyinka ved universitet i byen frå 1952 til 1954, og frå 1954 til 1957 ved University of Leeds. Han avslutta med ein Honours Degree i engelsk litteratur og arbeidde etterpå som dramaturg og skodespelar ved Royal Court Theatre i London, men vendte seinare tilbake til Nigeria for å studere afrikansk drama. Han underviste ved universiteta i Lagos, Ibadan og Ife, der han fekk eit professorat i samanliknande litteraturvitskap i 1975.

Soyinka har spela ein viktig rolle i den politiske historia til Nigeria. I 1967, under den nigerianske borgarkrigen, dømde dei nigerianske styresmaktene han til einecelle etter at han freista å få i stand fred mellom dei stridande partane. 22 månader seinare blei han sleppt fri då det vart internasjonal merksemd om saka hans. I fengselet skreiv han dikt han gav ut som Poems from Prison. Seinare skreiv han om erfaringane frå fengselet i boka The Man Died.

Wole Soyinka har vore ein nådelaus kritikar av mange nigerianske regjeringar og ulike andre diktatur over heile verda, til dømes regimet til Robert Mugabe i Zimbabwe. Denne aktivismen har fleire gonger sett han i stor personleg fare, som under diktaturet til den nigerianske generalen Sani Abacha (1993 til 1998) då Soyinka gjekk i frivillig eksil. Han budde hovudsakleg i USA der han var gjesteprofessor ved fleire universitet. Sjølv om han vendte tilbake til Nigeria i 1998, heldt han fram med å arbeide i USA. I 2004 fekk han ein undervisningspost i samanliknande litteraturvitskap ved Emory University i Atlanta og har eit professorat i kreativ skriving ved Nevada-universitetet i Las Vegas.

Verk

Skodespel A Dance of the Forest The Lion and the Jewel The Road Kongis Harvest The Swamp Dwellers The Strong Breed Camwood on The Leaves The Jero Plays The Bacchae of Euripides Madmen and Specialists Death and the Kings Horseman A Play of Giants Opera Wonyosi

Romanar og memoarar The Interpreters Season of Anomy The Man Died Ake, The years of Childhood Isara

Essays Art, Dialogue and Outrage

Poesi Idanre and other Poems A Shuttle in the Crypt Mandelas Earth and other Poems

Norske omsettingar «Telefonsamtalen», novellei Moderne afrikanske fortellere (Pax, 1971) Ake, en historie om en barndom Tolkene

Referansar

Litteratur Bernth Lindfors: Early Soyinka , Trenton, N.J. [u.a.] : Africa World, 2008, ISBN 1-59221-652-8 Gerd Meurer: Journeys around and with Kongi - half a century on the road with Wole Soyinka : a pan-afropean or pan-eurafrican book, Neumarkt : Reche, 2008, ISBN 978-3-929566-73-4 Soyinka, Wole (Vol. 179): Introduction. Contemporary Literary Criticism. Red. Janet Witalec. Vol. 179. Gale Cengage, 2004. eNotes.com. 2006. 23. januar 2009 Bankole Olayebi, WS: A Life In Full, Bookcraft, 2004 - illustrert biografi om Soyinka Yemi D. Ogunyemi, The Literary/Political Philosophy of Wole Soyinka (2001/2009).

Bakgrunnsstoff

Nobeltildelinga 1986 på nobelprize.org Wole Soyinka. All you want to know about. The Wole Soyinka Society Pidgin English in works of Wole Soyinka

Kategori:Nigerianske forfattarar Kategori:Engelskspråklege forfattarar Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Folk frå Ogun