Mikronesia, offisielt Mikronesiaføderasjonen, er ein forbundsrepublikk i regionen Mikronesia i den nordlege delen av Stillehavet. Han består av øyane i Karolinane, bortsett frå Palau: Yap, Pohnpei, Chuuk, Kosrae og fleire mindre øyar. Regjeringa har sete i Palikir på øya Pohnpei.
Øygruppa blei administrert som ein del av det USA-styrte UN Trust Territory of the Pacific Islands frå 1947 til 1990. Øyane fekk sjølvstyre i 1986, og har deretter vore ein suveren stat i fri assosiasjon med USA gjennom Compact of Free Association, som tryggar landet både økonomisk og militær bistand frå USA.
Geografi venstre|mini|portrett=1.2|Kart over Mikronesiaføderasjonen Mikronesiaføderasjonen består av 607 øyar som strekkar seg ca. 2 900 km frå vest til aust og utgjer den største delen av Karolinane. Området er delt inn i fire delstatar som blir symbolisert med ei stjerne kvar i nasjonalflagget. Landet dekker ei flatevidd på 701 km.Pacific Island Populations. 2013. Les populations du Pacifique, Statistics for Development Division, Secretariat of the Pacific Community, Noumea.
Hovudøya Pohnpei ligg kring 3 250 km aust for Filippinane og kring 2 000 km nordaust for Papua Ny-Guinea. Mellom Yap og Marianane ligg Challengerdjupet, det djupaste kjende punktet i havet.
Klima og miljø Klimaet i landet er tropisk, dvs. varmt og fuktig. Regntida varer store delar av året med nedbør i alle månadane i året. Området er blant dei stadane i verda der det fell mest nedbør.
Historie mini|venstre|Nan Madol-ruinar. Øyane har truleg vore folkesette sidan kring 1000 f.Kr.
Nan Madol, som består av ei rekkje små kunstige øyar knytte til eit nettverk av kanalar og ofte kjent som Stillehavets Venezia, ligg nær Pohnpei. Nan Madol var eit politisk og seremonielt sete for Saudeleur-dynastiet, som samla om lag 25 000 menneske i åra 500-1500.
mini|venstre|Spanish Wall, restane etter den spanske Alfonso XIII-festningen i Kolonia. Øyane blei oppdaga for europearane av portugisiske oppdagingsreisande på 1500-talet medan dei leita etter Indonesia. Seinare blei øyane oppdaga av spanske oppdagingsreisande, og kom under spansk herredømme.
Det tyske keisarriket kjøpte øyane i 1899, og området blei då ein del av Tysk Ny-Guinea. Under den fyrste verdskrigen blei landet okkupert av Japan, som heldt på forvaltningsmandatet over øyane etter Versaillesfreden i 1919. Chuuk var då hovudsete i japanske Nan'yo Cho (Det japanske stillehavsmandatet). I juli 1921 blei forvaltninga flytta til Koror. Under den andre verdskrigen blei øyane nytta som fly- og flåtebase av Japan. USA erobra området i 1944.
I 1947 blei heile Karolinane tilsynsområde under SN, Trust Territory of the Pacific Islands, og området blei forvalta av USA.
10. mai 1979 blei den autonome føderasjonen Mikronesia oppretta med lokalt sjølvstyre. Landet blei ein sjølvstendig stat den 3. november 1986.
Folkesetnad mini|Dansarar framfører ein velkomstseremoni på Ulithi. mini|Frå markeringa av grunnleggingsdagen til Mikronesiskaføderasjonen i 2005. I 2021 hadde Mikronesiskaføderasjonen eit folketal på kring 101 700, fordelt til Yap med kring 11 prosent, Chuuk med kring 50 procent, Pohnpei med 32 prosent og Kosrae med 7 prosent. Folkesetnaden i landet er ung, med 28 prosent under 15 år, og veks med 0,6 prosent per år.
Chuuk, som hadde 48 654 innbyggjarar ved folketeljinga i 2010, er den folkerikaste delstaten, følgd av Pohnpei med 36 196 innbyggjarar og Yap med 11 377, medan Kosrae er den minst folkerike delstaten med 6 616 innbyggjarer. Dei største byane er delstatshovudstaden Weno i Chuuk (13 900 innbyggjarar) og den offisielle hovudstaden i landet, Palikir på Pohnpei (6 600 innbyggjarar, 2010).
Etnisitet Majoriteten av innbyggjarane er mikronesiarar, bortsett frå på dei isolerte atollane Nukuoro og Kapingamarangi i delstaten Pohnpei, der innbyggjarane er polynesiarar.
Migrasjon Mange av innbyggjarane emigrerer, særleg til Guam, Saipan og Hawaii, noko som gjev landet ein negativ nettomigrasjon. I perioden 1993–2003 minka folketalet på i gjennomsnitt 0,08 prosent per år.
Språk Engelsk er det offisielle språket i landet. Andre viktige austronesiske språk er ulitiansk, woleaisk, yapesisk, pohnpeisk, kosraeansk og chukesisk.
Religion Innbyggjarane i staten er for det meste kristne (97 %).
Ved folketeljinga i 2010 tilhøyrde 54,7% Den katolske kyrkja, medan 38,5 % var kongregasjonalistar.
Katolikkar er i fleirtal i delstatane Yap (81,8 %), Pohnpei (54,8 %) og Chuuk (55,4 %), medan det er eit fleirtal av kongregasjonalistar (87,1 %) i delstaten Kosrae.
Politikk mini|Visepresident Petrus Tun og president Tosiwo Nakayama mellom 1979 og 1983. Den mikronesiske grunnloven frå 1979 garanterer fundamentale menneskerettar og etablerer ei maktfordeling. Den lovgjevande makta, Kongressen, består av 14 valde medlemmar. Fire senatorar, ein frå kvar stat, blir valde for fire år, dei andre senatorane blir valde i einmannskrinsar basert på innbyggjartal for to år av gongen. Presidenten og visepresidenten blir vald av kongressen frå dei fire delstatsvalde senatorane for fire år, og dei to utgjer den utøvande makta i landet. Dei to plassane dei då ikkje held i kongressen blir fylte ved særval. Presidenten og visepresidenten peiker ut regjeringa.
Det er ingen formelle parti i landet. Den dømmande makta blir utøve av Høgsteretten.
Landet er nært knytt til USA, og ved avstemmingar i SN si generalforsamling har det alltid stemt likt med USA.JewishVirtual Library Blant anna var Mikronesia eit av særs få land (ved sida av USA, Israel og Marshalløyane) som let vera å stemma mot bygging av den omstridde israelske avsperringa på Vestbreidda.
Mikronesiaføderasjonen har ein Compact of Free Association med USA, og er avhengig av årleg økonomisk bistand frå USA.
Økonomi mini|Dykking ved Chuuk. mini|Gammalt militærutstyr er noko av det ein kan sjå under dykking ved øyane. Økonomisk aktivitet har hovudsakleg bestått av fiske og landbruk, med ein sterk dominans av tenestenæringar i nyare tid. Offentleg forvaltning står for ein stor del av BNP. Ein betydeleg del av befolkninga livnærer seg likevel mest gjennom jordbruk og fiske.
Det blir vunne ut ein del fosfat. Det er mogleg å utvida satsinga på turisme, men dette er avgrensa av lite utvikla infrastruktur og den geografiske isolasjonen til landet. Den viktigaste inntektskjelda er økonomiske overføringar frå USA gjennom Compact of Free Association. Landet brukar amerikansk dollar som valuta, og innbyggjarane kan verva seg til det amerikanske militæret.
Jord- og skogbruk og fiske Jordbruk og fiske spelar ei sentral rolle for mange innbyggjarar, særleg på landsbygda. Dei fleste driv med sjølvbergingsjordbruk, med svine- og fjørfeoppdrett. Kommersiell dyrking utgjer berre ein liten del av landområdet, og består hovudsakleg av bananar, kokosnøtter, yams, kassava og brødfrukt. Ei viktig inntektskjelde for landet er utleige av fiskerettar til utanlandske verksemder, hovudsakleg frå Japan. Dette genererer betydelege inntekter.
Energi og råvarer Mikronesia har avgrensa naturresursar, og landet har ikkje større industrianlegg for råvaruutvinning. Avhengnaden av importerte varer er stor, og energibehovet blir hovudsakleg dekka av importerte fossile brennstoff.
Industri
Det finst svært lite industri i landet, men det føregår småskala-aktivitetar som bygg, saum, teppeveving og båtbygging som har ei viss tyding for den lokale økonomien. Eksporten er avgrensa og består hovedsakelig av fisk, handverk og bananar. Handelsbalansen til landet er negativ, ettersom importen langt overstig eksporten.
Tenester og turisme Turistsektoren er i vekst, sjølv om han framleis er underutvikla på grunn av utilstrekkeleg infrastruktur. Med støtte frå USA er det gjort satsingar på å forbetra flyplassar og hamner for å tiltrekka flere besøkande. Dei viktigaste turistattraksjonane i landet inkluderer ruinstaden Nan Madol på Pohnpei, historiske slagmarker frå andre verdskrigen og djuphavsdykking i dei omgjevande korallrike vatna. Dei cirka 20 000 turistane som vitjar landet kvart år bidreg til å styrka økonomien.
Kultur mini|Stor (ca. 2,4 meter høg) yapesisk steinmynt i landsbyen Gachpar. Dei fire delstatane har sin eigen kultur og lokale tradisjonar, men det er òg kulturelle og økonomiske band mellom dei. Likheitstrekk som klansystem og utvida storfamiliar kan ein finna på alle øyane.
Yap er kjend for dei tradisjonelle steinpengane sine, rai, som er sirkulære steinmyntar på opptil 4 meter i diameter. Myntane har hol i midten. Øybuarane var klar over kven som eigde dei ulike myntane, og flytta dei ikkje nødvendigvis når eigedommen blei overført til ein annan. Det finst fire hovudtypar: Mmbul, Gaw, Ray, Yar og Reng. Den siste var berre ca. 0,3 m i diameter. Verdien til myntane var basert på både storleiken og historia til steinane. Mange av dei var henta til øyane frå andre øyar, dei fleste frå Palau, men òg frå Ny-Guinea. Det finst om lag 6 500 slike myntar spreidde rundt på øyane.
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Federated States of Micronesia» frå , og «Mikronesiska federationen» frå den 29. oktober 2026.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Mikronesia Kategori:Land i Oseania Kategori:Øygrupper i Stillehavet Kategori:Tidlegare spanske koloniar Kategori:Forbundsstatar Kategori:Republikkar