Slaget i Fundybukta den 14. juli 1696 var eit sjøslag mellom Frankrike og England mot slutten av Kong Vilhelm-krigen. Slaget stod i Fundybukta utanfor dagens Saint John i New Brunswick. Dei engelske skipa vart sende frå Boston for å avskjere forsyningane som vart tekne av den franske offiseren Pierre Le Moyne d'Iberville frå Quebec til hovudstaden i Acadia, Fort Nashwaak (Fredericton i New Brunswick) på Saint John-elva. Dei franske krigsskipa «Envieux» og «Profond» kapra den engelske fregatten «Newport» (24 kanonar), medan den engelske fregatten «Sorlings» (34 kanonar) og eit hjelpefartøy kom seg unna.Beamish Murdoch. A History of Nova-Scotia, Or Acadie, Volume I. s. 218
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Action of 14 July 1696» frå , den 3. februar 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Historia til Nova Scotia Kategori:Historia til New Brunswick Kategori:Engelske slag Kategori:Franske slag Kategori:Konfliktar i 1696 Kategori:Konfliktar i Canada Kategori:Kong Vilhelm-krigen